RETTING: I ein tidlegare versjon av stod det at Jens Stoltenberg snudde i saka. Det har han ikkje gjort. Han har først no presisert kva han meiner.
Tidlegare denne veka fekk Natos generalsekretær Jens Stoltenberg internasjonal merksemd.
Han oppmoda nemleg vestlege land til å vurdere om Ukraina kan bruke våpen dei har fått frå vestlege land i Russland.
No stiller Noreg seg bak det.
– Vi meiner også at Ukraina har eit krystallklart folkerettsleg høve til å angripe Russland inne i Russland som ein del av sitt forsvar for sitt territorium.
Det seier utanriksminister Espen Barth Eide til NRK.
– Så på prinsipielt grunnlag, så meiner vi at Ukraina kan bruke også våpen dei har fått frå vestlege land mot militære mål som er relevante for krigføringa i Ukraina.
– Elles påfører vi Ukraina ei avgrensing som gjer det vanskelegare å vinne, seier Eide.
Opp til kvart enkelt land
Eide er i Praha for å møte dei andre ministrane i Nato.
Han seier det er opp til kvart enkelt land og kvar enkelt donor å avgjere dei nøyaktige vilkåra.
– Det er heilt alminneleg i krig, og vi kan ikkje tvinge Ukraina til å kjempe med ei hand bak ryggen.
Eide seier at Ukraina må kunne få føre krig «på den måten som er mest effektiv for dei».
– Om dei bli angripen av russiske styrkar som står inne i Russland, fordi dei har langtrekkande eld, så må det gå an å angripe dei tilbake.
Statsminister Jonas Gahr Støre saman med Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.
Foto: HANDOUT / AFP– Vil det komme ei erklæring frå Noreg?
– Når det gjeld konkrete vilkår og vilkåra for konkrete våpensystem så vil vi som andre land vere forsiktige med å snakke høgt om det. Det er krig og det er mange som følger med på det vi seier offentleg. Det er ei linje vi deler med mange andre land.
Nato er splitta
Måndag bad Stoltenberg Nato-landa om å revurdere avgrensingane på våpenleveransane til Ukraina.
Både Storbritannias David Cameron og Usas Antony Blinken har sagt det same den siste tida.
– Dette er ikkje er Nato-avgjerd, men ei avgjerd for kvar enkelt alliert, sa generalsekretæren medan han var besøk i Bulgaria.
Mange land har vore skeptiske til å gi langtrekkande våpen til Ukraina i frykt å eskalere spenningane og involvere Europa i krigen.
– Kan dette bli problematisk i alliansen?
– Dette er eit uformelt ministermøte. Vi skal ikkje ta nokre avgjerder her. Men det er viktig å møtes og snakke om det. Eg opplever det som at det er aukande forståing for at det må vere mogleg for Ukraina å kjempe mot okkupasjonsmakta, på ein måte som er mest mogleg effekt for dei, seier Eide.