NRK Meny
Normal

Drøymer om flukta frå Srebrenica

SARAJEVO (NRK): – Det er ein draum eg har, om igjen og om igjen, at eg flyktar frå Srebrenica. NRK har møtt Nermin Osmanovic, ein av dei få som overlevde massakren for 20 år sidan.

På flukt frå Srebrenica

– Det var blod og døde kroppar over alt, fortel Nermin Osmanovic, ein av dei som kom seg unna massakren i Srebrenica for 20 år sidan.

Foto: Vibeke Lilloe (vesle bilete)

Den bosniske landsbyen Srebrenica skulle vere «trygg sone». Det hadde FN bestemt. Men Srebrenica var langt frå trygt.

Nermin Osmanovic var berre 13 år gammal då han og faren slo seg saman med 12.000 bosniske menn i Srebrenica. Dei flykta frå angripande bosnisk-serbiske styrkar. Kolonnen med menn og gutar strekte seg over 12 kilometer gjennom den tjukke skogen.

Målet var å nå bosniskkontrollert område – sju mil unna.

– Døde over alt

Men Srebrenica var omringa, og snart opna fienden eld med handvåpen, granatar og giftgass.

– Det var blod og døde kroppar over alt, fortel Osmanovic.

Det er vanskeleg å finne orda. 20 år etter, er Srebrenica framleis vanskeleg å snakke om.

Flyktninger fra Srebrenica

Sjå ein Dagsrevyreportasje frå 1995, av reporter Håkon Børde.

Greidde å komme seg unna

– Det var frykteleg å sjå såra slektningar trygle om hjelp, men eg hadde nok med å berge meg sjølv.

Osmanovic fall ned i ein bekk, og klarte å skjule seg der. Han og faren kom seg til slutt til Tuzla.

Men mange overlevande har seinare teke sitt eige liv eller fått store psykiske problem, fortel han.

Nermin Osmanovic

Nermin Osmanovic arbeider som vektar i Securitas. Her er han på post ved den norske ambassaden i Sarajevo.

Foto: Vibeke Lilloe

Skal besøkje gravplassen

33 år gamle Osmanovic arbeider no som vektar i Securitas. Jobben er å passe på den norske ambassaden i Sarajevo.

I dag skal han besøkje gravplassen i Srebrenica for å minnast døde slektningar og vener.

Hovudseremonien på laurdag er for mykje styr, synest han.

Arkitektane bak udåden, Radovan Karadzic og general Ratko Mladic, sit no bak lås og slå.

Over 8000 gutar og menn vart avretta, mange måtte først grave si eiga grav.

På spørsmål om dei skuldige no er stilte til ansvar, svarar Osmanovic at det var for mange drapsmenn, «skuggar» med finlandshette og kalasjnikov, som ingen veit kven var – og som truleg vil aldri vil få si straff.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt