Det var i juni 2017 at den dåverande kona til statsminister Tomas Thabane (80), Lipolelo Thabane (58) vart skoten og drepen utanfor huset der ho budde. I januar i år vart den nye kona til statsministeren, Maesaiah Thabane (42), kalla inn til avhøyr av politiet.
Då stakk ho over grensa til Sør-Afrika, og der har ho opphalde seg på ukjend stad heilt til i dag. Tysdag overgav hos seg til politiet i heimlandet etter at det var inngått ein avtale med advokatane hennar. Og på kvelden kom meldinga om at ho var sikta for drap.
Sett fri mot kausjon
I retten onsdag las dommaren opp den alvorlege siktinga mot førstedame, at ho anten tok livet av Lipolelo Thabane eller fekk nokon andre til å gjere det. Seinare på dagen vart ho ifølgje nyheitsbyrået AFP sett fri mot ein kausjon på 1000 maloti, rundt 600 kroner.
Nyheitsbyrået Reuters melder på si side at Maesaiah Thabane er overført til husarrest. Det er ikkje kjent korleis ho reagerte på drapssiktinga, om ho sa seg skuldig eller ikkje skuldig.
Statsminister Thomas Thabane var ikkje til stades i retten. Publikum i rettssalen var delt mellom tilhengjarar og motstandarar av statsministeren, og dei to grupperingane ropte ukvemsord til kvarandre, heiter det i meldingane frå Maseru.
Telefon-bevis
Lesothos statsminister Thomas Thabane på talarstolen i FNs hovudforsamling i New York 27. september 2019.
Foto: Lucas Jackson / ReutersUnder etterforskinga av drapet kom det fram at ein telefon tilhøyrande presidenten, og som kan ha vore disponert av Maesaiah Thabane, var brukt i ein samtale med nokon som var på drapsstaden rundt det tidspunktet då drapet skjedde.
Statsministeren har forklart seg i saka, ifølgje nyheitsbyrået AFP, men kona stakk frå landet då ho fekk innkalling til avhøyr. Det er uklart om statsministeren sjølv er mistenkt for å ha vore innblanda i drapet.
Thomas Thabane var i ei bitter skilsmissesak med den dåverande kona Lipolelo Thabane då drapet skjedde. Dei hadde budd frå kvarandre sidan 2012, men skilsmissa var ikkje i orden. Drapet skjedde berre to dagar før Thomas Thabane vart innsett som statsminister i landet i 2017.
Då hadde han alt budd saman med Maesaiah Thabane i statsministerbustaden i ein periode, og ei tid etter drapet gifte dei to seg.
Faksimile frå nettavisa Eyewitness News i Lesotho i dag. Statsminister Thomas Thabane til venstre og kona Maesaiah Thabane i midten i gult. Biletet er ikkje heilt nytt.
Foto: Bent TandstadStore demonstrasjonar
Den siste tida har det vore store demonstrasjonar i hovudstaden Maseru mot statsministeren og med krav om at han skal trekkje seg. Han har sagt at han er villig til å gjere det, men han har aldri gitt nokon dato for når det skal skje.
Og han har gitt klar beskjed om at han ikkje trekkjer seg på grunn av drapet på ekskona, men fordi han er ein eldre mann.
Politisjefen i Lesotho, Mr. Molibeli, seier til BBC at drapet på den tidlegare kona til statsministeren er ei av dei vanskelegaste og farlegaste sakene han har jobba med i sine 32 år i politiet. Han fortel at han har vorte trua på livet til å stanse etterforskinga, men han forsikrar at han ikkje er redd.
Rettsbygningen i hovudstaden Maseru i Lesotho.
Foto: Michele Spatari / AFPÅtte andre sikta
Visepolitimeister Paseka Mokete seier til AFP tysdag at åtte andre også er sikta i drapssaka. Han meiner politiet har ei sterk sak mot den noverande førstedama, og han reknar etterforskinga som avslutta.
Drapet på den tidlegare førstedama sende sjokkbølgjer gjennom Lesotho, sjølv om landet også tidlegare har vore gjennom tøff politisk uro.
Nyheitsbyrået AFP har sett brevet som politisjefen skreiv direkte til statsministeren i januar i år. Her står det blant anna:
«Etterforskinga viser at det var kontakt frå ein telefon på staden der brotsverket vart gjort med ein annan telefon, og nummeret på mobiltelefonen er registrert i ditt namn».