NRK Meny
Normal

Dette er verdas beste kvinnelege kokk

Bled, Slovenia (NRK): Ho blir dyrka som eit kulinarisk geni i Netflix serien Chef's Table, og har eigenhendig auka turismen til vesle Slovenia. Eigentleg skulle ho bli diplomat, men amors piler ville det annleis.

Ana Roš

ENGASJERT KJENDISKOKK: Ho skulle eigentleg bli diplomat, men vart i staden ein verdskjend kokk etter at ho deltok i Netflix serien Chef's table. NRK møtte henne i Bled, der ho var hyra inn som trekkplaster for den årlege strategikonferansen.

Foto: Gorazd Jukovic

Det er to slovenske kvinner som har teke verda med storm i år. Den første er Melania Trump, den andre, kjendiskokken Ana Roš.

Da ho vart kåra til verdas beste kvinnelege kokk i år av 50 best Restaurants i Melbourne, var det mange som bad henne om å ikkje ta imot prisen.

Dei meinte prisen var kjønnsdiskriminerande, og at Roš kunne måle seg med dei beste mannlege kjøkkensjefane i verda.

– Eg hadde ikkje råd til å takke nei, fortel ho alvorleg til NRK.

AUSTRALIA-LIFESTYLE-GASTRONOMY-RESTAURANT

PRIS: I april vart Ana Ros kåra til verdas beste kvinnelege kokk under «50 Best Restaurants awards» i Melbourne, Australia. Mange bad henne om å ikkje ta mot prisen, for dei meinte den var kjønnsdiskriminerande.

Foto: MAL FAIRCLOUGH / AFP

Som kokk blir ein ikkje rik, og det er hardt arbeid å halde liv i den vesle restauranten Hiša Franko i Soca dalen på grensa til Italia.

Også er det meir krevjande å vere kvinne og drive ein restaurant i verdsklasse. Tidsklemma råkar kvinner meir enn menn, fortel ho.

– Prisen gjev meg ein plattform for å formidle kor tøft det er å balansere kokkekunst med det å vere mor til to barn. Først må eg organisere arbeidet i restauranten, så etter ein lang dag må eg ta meg av ungane.

Ho viser til at andre kjendiskokkar, som René Redzepi i danske NOMA har ei kone som tek seg av alt på heimebane.

Skulle bli diplomat

NRK møter Ana Roš i Bled, der ho var hyra inn for å kaste glans over det årlege strategiske forumet.

Eigenhendig har ho vore med på å gjere Slovenia til ei kulinarisk stormakt gjennom Netflix serien Chef's Table.

Men ho fortel at planen opphavleg var å bli diplomat.

– Det er dagar eg ser meg sjølv i spegelen og lurer på kva det er eg driv med. Du må ha disiplin for å halde tempoet, og da tenkjer eg det hadde vore enklare å ha ein kontorjobb.

SLOVENIA-CHEF/

I FULL SVING PÅ KJØKENET: Det er høgt tempo på restaurant Hisa Franko, som matglade turistar over heile verda flokkar til.

Foto: SRDJAN ZIVULOVIC / Reuters

Det var under diplomatstudiane ho forelska seg, og livet endra kurs.

Ho hadde sikra seg ei stilling i EU-kommisjonen, da kjærasten ringde. Han ville ta over restauranten til foreldra sine, Hiša Franko, som ligg i den vesle landsbyen Kobarid.

Ana Roš valde kjærleiken, sjølv om foreldra hennar var imot det. Dei hadde forventa meir av dottera, enn det å drive ein lokal restaurant.

– Faren min snakka ikkje med meg ein periode, fortel ho.

I det gamle Jugoslavia hadde kokkeyrket låg status.

Store ambisjonar

Roš har ei fortid som alpinist på det slovenske ungdomslandslaget. Og no ville ho nå til topps som kokk.

Ho såg at Slovenia hadde ein unik posisjon til å utnytte lokale råvarer. Landet ligg mellom store matkulturar som Tyskland, Italia og Balkan.

– Vi er ein kulinarisk smeltedigel. Frå olivenolje til mjølkeprodukt. Frå sjømat til dei alpine delikatessene.

Planen var å utnytte lokale bønder som produserte organisk mat.

– Vi er i kontakt med over hundre bønder frå høgfjellet til sjøen. Kvar og enkelt av desse bidreg til at vår mat er lokal. Det er nøkkelen til vår suksess.

Travel-Destination Slovenia

KRYDDER OG URTER: Ana Ros kombinerer lokale urter med krydder frå orienten. Fersk krydder har lange tradisjonar i handelsnasjonen Slovenia.

Foto: Suzan Gabrijan / AP

Kun 3 prosent av råvarene kjem utanfrå. Det er for det meste krydder. Men ferske krydder har alltid hatt ei viktig rolle i Slovenia.

– Restauranten vår ligg midt på den historiske handelsruta for krydder mellom Venezia og Wien, fortel ho.

Og krydder var ein slags valuta for bystaten Venezia i gamle dagar. Difor er kanel, anis, og kardemomme heilt naturlege ingrediensar i det slovenske kjøkkenet.

Gravid og nybegynnar

Travel-Destination Slovenia

VALDE KJÆRLEIKEN FRAMFOR DIPLOMATIET: Ektemannen Valter er vin vinkelner og han tilpassar vinkartet til Ana Ros sine unike rettar. Slovenia har mange kjende vinar, Teran er blant dei mest kjende internasjonalt.

Foto: Sylvain Gaboury / AP

Likevel, det var ei stor utfordring, ho var tretti år gammal og gravid, og hadde null erfaring som profesjonell kokk.

Ho søkte råd hjå svigermora, og hjå vener som hadde erfaring på kjøkenet. Målet var å forvandle sunn og lokal bondekost til internasjonal gastronomi.

Men vedgår det var ein tøff start da ho byrja i år 2000.

– Eg vart kasta ut på djupt vatn og måtte lære meg å svømme.

Seksten år seinare kom det store gjennombrotet med Netflix serien Chef's table.

– Timar etter serien kom på lufta, braut reservasjonssystemet vårt saman, fortel ho. Vi gjekk frå 200 besøkande på nettsida vår til 10.000.

Så vart ho kåra til verdas beste kvinnelege kjøkkensjef.

Tre månadars ventetid

No er det tre månadars ventetid for eit bord ved Hiša Franko. Ektemannen Valter er medeigar og vinkelner, og saman parar dei lokal mat med lokal vin.

I grunngjevinga til 50 best restaurants, blir det lagt vekt på at Roš er blitt ein rollemodell for korleis ein kan ta lokale mattradisjonar og foredle dei til internasjonal matkunst.

På mange måtar har ho kanskje blitt ein av dei viktigaste ambassadørane til vesle Slovenia.

Travel-Destination Slovenia

BONDEKOST BLIR KUNST: Presisjon og presentasjon er viktig når ein skal lokke til seg dei aller mest kresne middagsgjestane i verda.

Foto: Suzan Gabrijan / AP

– Eg syns det er viktig å dele mi historie, og historia til landet. Den trengst å bli fortalt, og gastronomi er viktig for turismen. Folk reiser for å finne god mat, og Slovenia med alt det grøne og dei økologiske gardane, har blitt eit viktig reisemål for matinteresserte.

Ho har også reist jorda rundt for å finne inspirasjon hjå dei beste restaurantane i verda.

Soussjefen er henta inn frå norske Maaemo og ho blitt ein del av eit verdsomspennande nettverk av matkunstnarar som Rene Redzepi frå Noma i København, og Alejandro Ruiz frå Casa Oaxaca.

Det dei er samde om er at ingen kjøkkensjef skal ha ein signaturrett. Matkunsten skal alltid vere i utvikling mot nye gastronomiske høgder.

– Alle som lagar mat, realiserer seg sjølv gjennom hendene. Viss eg hadde ein signaturrett, ville eg ikkje vere ærleg med meg sjølv.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt