Hopp til innhold

Opptøyar etter falske rykte om den drapssikta 17-åringen

27 politibetjentar måtte til sjukehus etter samanstøytar med demonstrantar utanfor ein moske i Southport tysdag kveld. Politiet meiner høgre-ekstrem gruppe står bak.

Det var måndag at fleire born blei knivstukke under eit dansearrangement i den vesle byen Southport i England.

Tre jenter døde som følge av hendinga. Fleire er kritisk skada. Ein 17-åring er sikta for drap og drapsforsøk.

Tysdag kveld var det opptøyar utanfor ein moske i byen. Ein politibil blei sett fyr på. Ifølge politiet blei også fleire bilar tilhøyrande sivile sett fyr på.

Fleire titals politibetjentar skal ha blitt skada i opptøyane.

Ambulansetenesta melder klokka 02.40 på X at dei behandla totalt 39 pasientar, alle av dei politibetjentar. 27 av desse blei frakta til sjukehus, medan 12 blei behandla og utskriven på staden.

Onsdag ettermiddag melder politiet sjølv at 53 betjentar vart skadde under opptøyane.

Åtte av desse fekk alvorlege skadar, som hjerneristingar, kutt og beinbrot. Også tre politihundar skal også vere skada.

Fire menn vart arresterte i samband med opptøyane.

  • 7UF15ZREioY
  • FfQuRBvwzo8
  • U65bAWqNlsI
  • Southport DR 23

– Kvalmande å sjå

Maskerte demonstrantar kasta mursteinar mot politiet, Ifølge Sky News. Det skal ha vore snakka om til saman 100 demonstrantar.

I ei pressemelding seier politiet at dei mistenker den høgre-ekstreme gruppa English Defence League (EDL) for å stå bak opptøyane.

Dei seier at opptøyane er knytt til falske opplysningar om den sikta 17-åringen, om at han kom til landet som båtflyktning.

Politiet slår fast at han er fødd i Storbritannia.

Politiet var på plass med batongar og klarerte raskt området utanfor moskeen.

Det var derimot fleire samanstøytar mellom demonstrantane og politiet, viser bilde frå staden.

Politiet melder også at demonstrantar har plyndra ein butikk.

Opptøyane roa seg ved midnatt.

– Det er kvalmande å sjå dette hende i dette lokalsamfunnet som er knust etter tapet på tre unge liv, seier politibetjent Alex Goss.

Smoke billows from a fire started by protesters as riot police stand guard after disturbances near the Southport Islamic Society Mosque in Southport, northwest England, on July 30, 2024, a day after a deadly child knife attack. Violent clashes broke out in the northern England town where a knife attack claimed the lives of three children, with around 100 protesters lighting fires and battling police. A 17-year-old male suspect from a nearby village arrested shortly after the incident remained in custody, police added, as they warned against speculating about his identity or details of the investigation. (Photo by Roland LLOYD PARRY / AFP)

Politiet har klarert området utanfor moskeen i byen.

Foto: ROLAND LLOYD PARRY / AFP

Lokalt politi seier dei stod overfor ei av dei mest utfordrande oppgåvene i sitt liv måndag.

– I kveld, blei dei angripne medan dei forsøkte å hindre uorden, seier Goss.

Fordømmer rykte

Ifølgje The Guardian skal demonstrantane ha ropt «Vi vil ha landet vårt tilbake».

People attend a vigil for the victims of the knife attack in Southport

Berre timar før opptøyane blei det heldt ei minnemarkering i Southport.

Foto: Temilade Adelaja / Reuters

I pressemeldinga seier politiet at 17-åringen er frå Wales, og avkrefter rykta som er spreidd om ein person med falskt namn og bilde av den som blir hevda å vere den drapssikta.

Les også Alice (9), Bebe (6) og Elsie (7) ble drept i knivstikkingen

Alice, Bebe and Elsie

– Nokre bruker dette til å drive med vald og uro i gatene våre, seier Goss.

– Vi har allereie sagt at personen er fødd i Storbritannia. Desse rykta hjelper ingen på dette tidspunktet, skriv politiet i pressemeldinga.

SISTE NYTT

Siste meldinger