Hopp til innhold

Nytt born for Cameron

Den britiske opposisjonsleiaren David Cameron og kona Samantha ventar barn igjen i september.

Samantha og David Cameron

Samantha og David Cameron ventar nytt barn fire månader etter det britiske parlamentsvalet i mai.

Foto: Lefteris Pitarakis / Scanpix/AP

Det konservative partiet som David Cameron leiar, ligg ifølgje meiningsmålingar an til å gjere eit godt val.

Det er venta at Samantha Cameron skal ha ei meir sentral rolle i valkampen enn tidlegare. No ventar paret barn i september, fire månader etter parlamentsvalet i mai.

Frå før har paret to barn, seks år gamle Nancy og fire år gamle Arthur. I februar i fjor mista dei den seks år gamle funksjonshemma sonen Ivan.

SISTE NYTT

Siste nytt