– Xi Jinping kjem. President Putin har også sagt til meg at han vil kome, seier Widodo i eit intervju med Bloomberg.
Utanriksministrane i dei to landa var til stades ved det førre G20-møtet på Bali i juli.
Det neste toppmøtet vil finne stad 15. og 16. november. Her skal leiarane for dei 19 største økonomiane i verda, samt EU, samlast.
Under møtet i 2021 blei dei samde om ei fråsegn som går lenger enn Parisavtalen.
Indonesias president Joko Widodo og den kinesiske presidenten Xi Jinping.
Foto: Pang Xinglei / APOgså Biden deltar
I tillegg til Xi og Putin vil også vestlege verdsleiarar som USAs president Joe Biden vere til stades.
Joe Biden vil også vere til stades på G20-toppmøtet.
Foto: Damian DovarganesBloomberg har utan hell prøvd å få ein kommentar frå kinesisk hald.
Xi har ikkje reist utanlands sidan pandemien braut ut.
Ein Kreml-talsmann avviste å kommentere, men Bloomberg skriv at ein tenesteperson med kjennskapar til situasjonen stadfesta at Putin planlegg å delta.
Widodo, som har prøvd å ta ei meklarrolle i krigen mellom Russland og Ukraina, har vore under press frå vestlege land om å trekkje tilbake Putins invitasjon til toppmøtet. Fleire vil også ekskludere Russland frå gruppa.
Putin kan møte Zelenskyj
Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj har sagt at han kjem til toppmøtet, men at det avheng av kven andre som kjem.
Dermed kan det bli det første møtet ansikt til ansikt mellom han og Putin sidan Russland invaderte Ukraina i februar.
Dersom president Volodymyr Zelenskyj også deltek på toppmøtet kan det bli det første møtet ansikt til ansikt mellom han og Putin sidan Russland invaderte Ukraina.
Foto: president.gov.uaDet er også svært spent mellom USA og Kina etter at fleire amerikanske politikarar har besøkt den sjølvstyrte øya Taiwan, som Kina reknar som territoriet sitt.
– Stormaktsrivaliseringa er verkeleg urovekkjande, seier Widodo i intervjuet.
– Det vi ønskjer er at regionen skal vere stabil og fredeleg, slik at vi kan ha økonomisk vekst. Og eg trur ikkje det gjeld berre Indonesia; asiatiske land ønskjer det same, seier han vidare.