Hopp til innhold

Det kvite huset: Ikkje sant at Biden revurderer sitt kandidatur

New York Times siterer ein «nær støttespelar» på at Biden vurderer om han kan fortsette som presidentkandidat. – Feil, seier talspersonen.

Donald Trump And Joe Biden Participate In First Presidential Debate

SØVNIG PRESIDENT: – Det er ikkje er ei unnskyldning, men ei forklaring, seier Biden.

Foto: JUSTIN SULLIVAN / AFP

Den amerikanske avisa har ikkje namngitt si kjelde, men skriv at dei er ein «nær støttespelar» til Biden-kampanjen.

Dei skal ha fortalt at Biden veit at kan kanskje ikkje klarar å redde sitt kandidatur dersom han ikkje klarar å overtyde amerikanarar om at han klarar ein ny presidentperiode.

Personen hevdar, igjen ifølge avisa, at presidenten meiner han må kunne klare dette dei neste dagane, men at han framleis deltek i kampen om attval.

Biden Excessive Heat

Valkampen til Biden har halde fram dei siste dagane. I helga skal kampanjen halde folkemøte i Pennsylvania og Wisconsin.

Foto: Evan Vucci / AP

– Han veit at dersom han har to til arrangement som dette, er vi i ein annan posisjon.

Komande torsdag vil to intervju med presidenten bli sende av Black Radio, ifølge Det kvite huset. Dette er dei første Biden stiller i etter presidentdebatten sist veke.

Komande fredag blir også eit intervju med Biden publisert av ABC News.

I tillegg skal presidenten halde folkemøte i Pennsylvania og Wisconsin.

CNN siterer ei eiga unamngitt kjelde på at Biden har anerkjent, i ein privat samanheng, at dei neste dagane vil vere kritiske dersom han skal redde kandidaturet.

– Han ser augneblikket. Han er klarøygd, seier personen ifølge nyheitsnettstaden.

Les også Nancy Pelosi: «Legitimt» å stille spørsmål til Joe Biden sin helsetilstand

President Joe Biden and Donald Trump hold presidential debate on CNN

– Blir verande i valkampen

Talsperson for Det kvite huset, Karine Jean-Pierre, seier under den daglege pressebrifinga onsdag kveld at presidenten «absolutt ikkje» vurderer å trekke seg.

Ho legger til at dei meiner New York Times ikkje gav dei nok tid til å svare på spørsmål om utsegna.

– Presidenten seier at nei, det er fullstendig feil. Det kjem frå presidenten sjølv.

– Han har snakka med støttespelarar og fortalt kva som skjedde den kvelden. Han forstår at det ikkje var hans beste kveld. Han forstår at det er rettvist at folk stiller det spørsmålet.

Biden

Jean-Pierre seier presidenten sjølv nektar for at han vurderer å trekke seg frå valkampen.

Foto: Susan Walsh / AP

Jean-Pierre seier at presidenten er «klarøygd, og blir verande i valkampen». Men på spørsmål om helsa hans, seier ho at hans mest nylege helsesjekk var i februar.

– Eg kjem ikkje til å snakke for unamngitte kjelder der ute, held ho fram.

– Eg kjem til å snakke for det eg veit, kva denne presidenten gjer, og at han har plikta seg til arbeidet sitt som president.

Biden

Presidenten og førstedame Jill Biden på veg tilbake frå familieturen til Camp David. Joe Biden reiste dit etter debatten på fredag.

Foto: Jacquelyn Martin / AP

USA-ekspert: – Ein fullstendig politisk katastrofe

Eirik Løkke er USA-ekspert og rådgivar i Civita. Han meiner det er ein god idé for Joe Biden å trekke seg no.

– Det er massevis av eksempel på dårlege augneblikk i tidlegare presidentdebattar, men dette var ein fullstendig politisk katastrofe, seier han til NRK.

– Biden si viktigaste oppgåve var å vise veljarane at han ikkje hadde blitt for gammal og framleis kunne styre landet. Det greidde han ikkje. Tvert imot.

Eirik Løkke, Civita

Løkke meiner presidentdebatten sist veke førte til større bekymring blant dei demokratiske veljarane.

Foto: NRK

Ei meiningsmåling utført av New York Times viser onsdag kveld at leiinga til Donald Trump har auka etter presidentdebatten, med seks prosentpoeng.

Ifølge ei anna måling frå Ipsos/Reuters, vil éin av tre demokratar at Biden no skal trekke seg som kandidat til presidentvalet i november.

Også veljarane lét seg skremme av Bidens framferd, viser ei undersøking gjort av YouGov for CBS News.

72 prosent av dei registrerte veljarane som svarte, meiner at Biden ikkje har den mentale og kognitive helsa ein treng for å vere president. Før debatten meinte 65 prosent det same.

49 prosent av dei som svarte sa det same om Donald Trump.

«Sovna nesten på scena»

På eit privat arrangement i Virginia tysdag kveld, fortalde Biden at han både var sliten og forkjølt då debatten skjedde.

Han skuldar også på omfattande internasjonal reising i førevegen. Han var i Europa to gongar i juni, og kom heim frå den siste turen to veker før debatten skjedde.

Presidenten seier at dette valet «ikkje var veldig smart».

First 2024 presidential debate in Atlanta

Biden-kampanjen har den siste veka jobba hardt for å forsikre støttespelarane sine om at han klarar å utføre jobben sin i ein ny presidentperiode.

Foto: Brian Snyder / Reuters

– Eg lytta ikkje til medarbeidarane mine. Eg sovna nesten på scena, sa Biden til dei frammøtte i Virginia.

USA-ekspert Løkke meiner dette ikkje er godt nok. Han trur at mange av dei 50 millionar tilskodarane framleis er i sjokk.

– Ein ting er at Biden viser seg fram så dårleg. Ein annan ting er at han prøvar seg på desse unnskyldningane for å forklare veljarane at dei ikkje såg det dei såg.

– Det er inga perfekt løysing her, men eg trur det beste Biden kan gjere no, er å trekke seg og overlate vervet til ein annan demokratisk kandidat.

– Ingen gode løysingar

Sigrid Rege Gårdsvoll, kommentator i Vårt Land og Amerikansk Politikk, meiner at Biden-Harris-kampanjen ikkje har noko god løysing framfor seg akkurat no.

Sigrid Rege Gårdsvoll i Nyheitsmorgen 5. april 2023.

– Det er utruleg vanskeleg å slost mot eit inntrykk som allereie har festa seg, meiner Gårdsvoll om Biden.

– Det vil vere ekstremt risikabelt å byte ut Biden på valsetelen, seier ho til NRK.

– Men det er som Eirik er inne på høgst usikkert om Biden kan klare å vise partiet sitt, og i neste tur veljarane, at han er i stand til å gjere den jobben han ber om høvet til å gjere.

Den mest naturlege til å ta over vervet er visepresident Kamala Harris, meiner Gårdsvoll.

Kamala Harris i Las Vegas fredag.

USA sin visepresident Kamala Harris har sagt at Biden fekk ein dårleg start i debatten, men at ho er stolt av å vere medkandidaten hans.

Foto: Ronda Churchill / AP

– Ho er svært dårleg likt. Ho har dårlege målingar. Det er lite grunn til å tru at ho i utgangspunktet skal gjere det betre mot Trump enn Biden sjølv.

– Andre demokratar kan vere aktuelle. Spørsmålet er: kjenner folk dei? Har dei den attkjennelege namnet som Harris eller Biden sjølv har?

Dersom nokon prøvar lukka, har dei ikkje mange månadane til å gjere seg kjende hos det amerikanske folket før dei skal opp mot Trump.

SISTE NYTT

Siste meldinger