Mannskapet om bord på 'Steve Irwin' sender si djupaste medkjensle til familier og vener av dei sakna frå Berserk.
Foto: Barbra Veiga / Sea Shephard / Scanpix
Sea Sheperd-fartøyet «Steve Irwin» har søndag avslutta søket etter eit tredje og siste forsøk langs vestkysten i Antarktis.
– Me skulle ønska me hadde funne dei i live. Det hadde vore ein enorm triumf og ein ubeskriveleg glede. Men me må nok innsjå at Berserk-mannskapet har gått ned med båten, seier kvartermeister på «Steve Irwin», Howie Cooke.
Den 59 meter lange anti-kvalfangstbåten har med helikopter og eit mannskap på 37 saumfart fleire tusen kvadratmeter på tre forskjellige område utan å finna den norske seglbåten eller dei tre sakna om bord.
– Desse gutane var eventyrarar som kjende til risikoen ved å ferdast i Antarktis. Når ein først skal leggja vandringsstaven ned, finst det ikkje ein vakrare plass i verda å gjera det på enn i Antarktis, seier Cooke.
Ein einsam keisarpingvin nær den amerikanske forskingsbasen McMurdo på Rossøya i Antarktis. Slike bilete fekk Berserk-gjengen truleg mange av på sin siste etappe av Sørpolen-ekspedisjonen.
Foto: STAFF / REUTERS
Forstår fascinasjonen
Han har tilbrakt fleire månader i isødet, i samband med ein kampanje mot japanske kvalfangarar.
Kampanjen skulle avsluttast i Sørishavet denne veka, ved markeringa av 100-årsjubileet til Roald Amundsens sydpoltriumf.
– Dette er ein ufatteleg nydeleg plass. Me har sett kvalar, pingvinar, albatrossar, selar og isfjell. Eg forstår polfararane sin fascinasjon, og trur «Berserk»-gutane sjølv ville sagt at det var ein del av leiken.
Leitemannskapet er no svært skuffa, og både fysisk og psykisk utmatta, i det dei kjempar seg gjennom ein snøstorm på veg heim til Hobart, Tasmania.
– Me har vore gjennom mange emosjonelle kjensler dei siste dagane. Håpet om å finna overlevande var med oss heile tida. Det har vore svært tøft, fortel Cooke, som på vegne av mannskapet sender si djupaste medkjensle til dei pårørande.
Forskingsfartøyet «Professor Kromov» vil i løpet av dei nærmaste dagane halda fram med søket etter «Berserk» på sin gjennomreise i området, men leitinga er kraftig trappa ned i det det nærmar seg månadsskifte og vinter i dei arktiske strøka.