Hopp til innhold

Angrep i Libanon og Israel

For andre natt på rad har Israel angripe Libanons hovudstad Beirut. Hizbollah har angripe den israelske hamnebyen Haifa.

Luftangrep mot Beirut natt til måndag.

Video: AP

Israelske jagarfly har angripe to nabolag i Dahieh sør i Beirut i natt.

Bydelen har blitt angripe dagleg i over to veker. Det israelske forsvaret (IDF) varsla på førehand at dei ville gjennomføre det hittil kraftigaste angrepet på området.

IDF seier at dei har skote mot og treft eit våpenlager tilhøyrande Hizbollah. Dette er ikkje bekrefta.

Det er framleis uvisst kor mange som er blitt ramma av angrepet.

Tre ulike store røykskyer veltar opp frå tre ulike område i Dahieh i Beirut. Oversiktsbilete tatt på kvelden. Det er mørkt.

Røyk veltar opp frå tre ulike stader i Dahieh i Beirut, natt til måndag.

Foto: Bilal Hussein / AP

Mange av dei nærmare 700.000 libanesarane som bur i Dahieh, har måtta flykta. Fleire har fått heimane sine øydelagde i israelske angrep.

Den sjiamuslimske gruppa Hizbollah har hovudkvartera sine i bydelen, som i stor grad er befolka av sjiamuslimar. I tillegg bur det sunnimuslimar, kristne og palestinske flyktningar der.

Les også Zeina og datteren (4) sover på stranda

PÅ FLUKT: Zeina Nazha og datteren (4) har rømt fra bombene i bydelen Dahieh og søker nå tilflukt i provisoriske telt på stranden Ramlet al-Baida.

Det har også vore andre angrep lengre sør i Libanon, i Bekaadalen. IDF hevdar dei har treft viktig militær infrastruktur også der.

I Gaza seier det israelske militæret at dei har starta ein ny bakkeoffensiv.

Beirut

Ein av eksplosjonane i Beirut natt til måndag.

Foto: Bilal Hussein / AP

I Nasrallahs namn

Nord i Israel, i byen Haifa, har det ifølge israelske medium komme rakettar frå Hizbollah. Israels rakettskjold Iron Dome greidde ikkje å skyte dei ned.

Hizbollah seier at dei har angripe tre gonger i løpet av eitt døgn, og at angrepa var retta mot militære mål i nærleiken av Haifa.

Ifølge israelske medium blei ein restaurant ramma av angrepet.

Minst ti personar skal vere skadde.

Hizbollah seier at dei angrip i avdøde Hassan Nasrallahs namn. Den tidlegare leiaren blei drepen i eit israelsk angrep sør i Beirut i slutten av september.

Kartet viser hamnebyen Haifa i Israel og hovudstaden Beirut i Libanon. Begge stadane blei utsette for angrep natt til måndag.

Hovudbasen til den israelske marinen ligg i Haifa, som er Israels tredje største by. Byen ligg langt nord i Israel, og om lag 35 kilometer frå grensa mellom Israel og Libanon.

Israelsk politi i Haifa seier at det blir rapportert om mange mindre skadar, og at nokre bygningar er øydelagde.

Hizbollah og Israel har i løpet av det siste året nesten dagleg utført angrep mot kvarandre i grenseområdet mellom Israel og Libanon.

Dei israelske angrepa mot Libanon blei kraftig trappa opp 23. september. Førre veke gjekk Israel inn i Libanon med bakkestyrkar.

Kartet viser israelske angrep i Libanon.

Israel opplyser måndag morgon at ein soldat er drepen i kampar nord i Israel, på grensa til Libanon. To skal vere alvorleg såra.

SISTE NYTT

Siste meldinger