Ammar al-Hamdan er sett fri

Ammar al-Hamdan, norsk statsborgar som har vore halden som fange i Libya i seks veker, er sett fri, stadfestar sambuaren hans Yngvil Mortensen.

Ammar al-Hamdan

Ammar al-Hamdan er sett fri frå fengsel i Libya. Han opp held seg no i nabolandet Tunisia.

Foto: Olsen Olav / Aftenposten

- Mortensen fortel at ho først snakka med han på telefonen ved 17.30 tida, då han enno var på den libyske sida av grensa. Så fekk ho ein ny telefon frå han då han var komen inn i Libya, der han vart møtt av den norske visekonsulen.

- Han var kjempeglad og det er vi også. Eit seks veker langt mareritt er over, sjølv om eg ikkje kan vere heilt trygg før han er heime igjen, seier ho. Ho har håp om at han kan kome heim alt i morgon fredag, men ho har ikkje fått dette stadfesta.

- Det blir veldig godt å få han tilbake, seier Yngvil Mortensen til NRK.

Ammar al-Hamdan vart pågripen av libyske tryggingsstyrkar 7. mars i år.

Video 7e4deb39-01af-4b78-902c-d511e692216c.jpg

VIDEO: - Jeg skal gi han et stort kyss.

Bra behandling

Ammar al-Hamdan vart intervjua på Al Jazeera tidlegare i kveld, og der fortalde han om korleis han og kollegaene hans hadde hatt det i libysk fengsel. Han snakka også med vekeavisa Ny Tid i dag, og her rettar han ei varm takk til utanriksminister Jonas Gahr Støre for den innsatsen norsk UD har gjort for å få han fri.

LES OGSÅ: Norsk fotograf fengslet igjen

- Dei tre første vekene sat dei på eineceller, men dei vart bra behandla, og det var mogleg for dei å kommunisere med kvarandre, fortel Yngvil Mortensen. Ingen av dei vart utsette for tortur.

Video Ammar al-Hamdan

Jubler for Ammar al-Hamdans løslatelse

Dei siste tre vekene har Ammar al-Hamdan og dei to kollegaene hans vorte haldne i ein sjukehusliknande institusjon. Her var det gode forhold. Dei fekk mat tre gonger for dagen og det var bad og toalett på kvart rom.

Portrett: Jonas Gahr Støre

Utanriksminister Jonas Gahr Støre er glad for at Al-Hamdan no er sett fri.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Det har vore vanskeleg å få vite kvifor dei tre journalistane vart arresterte i Libya, men det har vore sett fram påstandar om at dei jobba for utalandsk etterretning.

Glede i UD

- Eg er glad for at den norske journalisten no er trygt ute av Libya, og eg vil takke alle dei som har hjelpt til med dette, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre. UD vart varsla om arrestasjonen torsdag 10. mars, og har sidan arbeidd med å få han sett fri.

- Vi har nytta fleire ulike kanalar i dette arbeidet, og eg er glad det har ført fram. Vi har også hatt eit tett og godt samarbeid med Al Jazeera og familien til Al-Hamdan i Noreg, seier utanriksministeren til NTB.

Støre meiner saka viser kor utsette journalistar er i væpna konfliktar, og han meiner det er urovekkjande at journalistar møter stadig større hindringar i å gjere arbeidet sitt i konfliktområde.

LES OGSÅ: Livstegn fra norsk journalist

Det har også tidlegare vore meldt at Ammar al-Hamdan er sett fri .

Ammar al-Hamdan arbeidde som fotograf for den arabiske fjernsynskanalen Al Jazeera i Libya då han vart arrestert. Han har også jobba for den norske vekeavisa Ny Tid. Han har palestinsk bakgrunn.

SISTE NYTT

Siste nytt