Hopp til innhold

– Sørafrikansk diplomat bør suspenderast

Opposisjonspartiet til den sørafrikanske regjeringa meiner at diplomaten som natt til søndag køyrde i rusa tilstand og hamna i ein kollisjon på Frogner i Oslo bør suspenderast, skriv VG.

Ulykke mellom ambassadebil og personbil Frogner Oslo

Natt til søndag kolliderte ein diplomat frå den sørafrikanske ambassaden med ei kvinne på Frogner i Oslo.

Foto: Fredrik Hove

– Dette er eit grovt tilfelle av diplomatisk likegyldigheit, og kriminelle handlingar gjort av sørafrikanske diplomatar må verte fordømt på det sterkaste, skriv partiet Democratic Alliance på sine nettsider.

Det var ved eitttida natt til søndag at diplomaten frontkolliderte med ei kvinne som var på jobb i helsevesenet. Kvinna måtte skjærast laus frå bilen, og arbeidsgivaren seier at ho har brot i hofta.

Dette har sett i gang ein debatt om kor langt den diplomatiske immuniteten bør strekke seg.

Den same diplomaten har også fått ein promillesak mot seg i haust, og UD har no gått til det drastiske skritt i å be Sør-Afrikas ambassade om å oppheve immuniteten. Ambassadør Queen Anne Zondo seier på si side at dette må verte opp til det sørafrikanske utanriksdepartementet.

SISTE NYTT

Siste nytt