– Snowden godtek Putin sine krav

Spionsikta Edward Snowden ber om asyl i Russland, og går dermed med på kravet om å skrinleggja USA-fiendtleg verksemd.

Edward Snowden i Moskva

Edward Snowden er under dagens møte avbilda for første gong sidan han kom til Russland for tre veker sidan.

Foto: Tanya Lokshina / Human Rights Watch

Edward Snowden kunngjer på eit møte fredag at han vil søkja om mellombels asyl i Russland, trass i dei føresetnadene president Vladimir Putin har stilt om å stoppa med all antiamerikansk verksemd.

Det melder nestleiar ved Human Rights Watch sitt kontor i Russland, Tanya Lokshina, som er til stades på Snowden-møtet som vert skipa til på Sjeremetjevo-flyplassen i Moskva fredag ettermiddag.

Snowden har søkt om asyl i Russland tidlegare, men trekte søknaden førre veke då Putin gav klar beskjed om at Snowden måtte leggja ned stridsøksa mot heimlandet sitt dersom han skulle få opphald der.

Edward Snowden

Amerikanske Edward Joseph Snowden (30) seier han har det bra i transittområdet på Moskva-flyplassen, men at han ville følt seg tryggare med asyl i Russland.

Foto: Tanya Lokshina / Human Rights Watch

Ifølgje menneskeretts-representanten har Snowden no tenkt seg om og konkludert med at asyl er einaste måten å vera trygg på medan han oppheld seg i Russland.

Snowden: – Eg angrar ikkje

Kort tid etter møtet Snowden hadde med menneskerettsaktivistane, publiserte lekkasjenettstaden Wikileaks ei pressemelding frå Snowden. Her kjem det mellom anna fram at han ikkje angrar på lekkasjane.

– Den moralske avgjersla om å fortelja verda om spioneringa har kosta mykje, men det var det riktige å gjera, og eg angrar ikkje.

Snowden gir også honnør til landa som har opna for å gå han asyl. Desse landa er Russland, Venezuela, Bolivia, Nicaragua og Ecuador.

– Ved å ikkje kompromisse prinsippa sine har dei gjort seg fortent til respekt frå heile verda. Eg har ein intensjon om å reise til alle desse landa for å gi min personlege takk til folket og til leiarane.

Varslaren tok også opp den andre verdskrigen, og hevdar han handlar ifølgje prinsippa som vart bestemt under Nürnberg-rettssaka. Nemleg at plikta overfor menneska bør vege tyngre enn plikta ein har til sitt eige land.

Tanya Lokshina i Human Rights Watch etter Snowden-møte

Tanya Lokshina i Human Rights Watch snakkar med media om Edward Snowden sin situasjon på Sjeremetjevo-flyplassen i Moskva fredag.

Foto: TATYANA MAKEYEVA / Reuters

Avviser at han skadar USA

«Å skada USA er ikkje føremålet med nokon av mine handlingar eller planar. Eg vil at USA skal lukkast», sa Snowden til dei inviterte på det pågåande møtet i ettermiddag, ifølgje Lokshina i Human Rights Watch.

– Han bad oss om å vidareformidla ønsket hans om asyl til Putin og regjeringa hans, seier visepresident Vyacheslav Nikonov i Dumaen til journalistar utanfor møte-området.

Det er uvisst om Snowden med dette faktisk vil gje seg sjølv munnkorg.

På spørsmål om han no kom til å slutta med «USA-fiendtleg aktivitet» svara Snowden at det ikkje var noko å slutta med, fordi han meiner handlingane hans ikkje skadar USA, melder britiske The Guardian.

Snowden har sete stranda i transittsonen på flyplassen sidan den 23. juni, etter at USA annullerte passet hans.

I heimlandet er IT-eksperten sikta for spionasje og tjuveri av statlege løyndommar etter at han lak opplysningar til media om omfattande overvaking av internett og amerikanske mobiltelefonar i regi av amerikansk etterretning.

Kreml: – Kan hypotetisk sett få bli

Dmitrij Peskov, talsmann for Putin

Snowden kan få bli i Russland, men føresetnadene er dei same som før, opplyste talsmannen til Putin, Dmitrij Peskov, til media etter møtet.

Foto: Maxim Shimetov / Ap

Talsmannen for Kreml, Dmitrij Peskov, har følgjande kommentar til opplysningane frå møtet:

– Snowden kan hypotetisk sett bli i Russland, om han heilt og fullt stoppar handlingar som skadar Russland sine amerikanske partnarar og forholdet til USA, seier Peskov til det russiske nyheitsbyrået Interfax.

For nøyaktig ei veke sidan gav den russiske viseutanriksministeren Sergej Riabkov derimot klar beskjed om at Snowden må ut av Russland.

– Han må velja ein stad å reisa til. Russland kan ikkje løysa dette for han, sa Riabkov.

Snowden seier ifølgje møtedeltakarane at han har det bra og søv på flyplassen. Han kjenner seg trygg i Russland, men har ikkje som mål å bli verande der i evig tid.

Under dagens møte, bad Snowden om hjelp til å koma seg til Latinamerika utan at USA får kloa i han. Både Venezuela, Nicaragua og Bolivia har gjeve varslaren tilbod om asyl.

Ifølgje nyheitsbyrået AP var følgjande personar til stades på flyplass-møtet med Snowden:

  • Visepresident i Dumaen, Vyacheslav Nikonov
  • Menneskerettsombodet i Russland, Vladimir Lukin
  • Direktøren i Amnesty Russland, Sergei Nikitin
  • Nestleiar ved Human Rights Watch sitt kontor i Russland, Tanya Lokshina
  • Advokaten Genry Reznik
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt