– Bortført amerikansk journalist drepen i Syria

Terrorgruppa IS (Islamsk stat), som kontrollerer store område i Syria og Irak, har lagt ut ein video som skal vise den sakna amerikanske journalisten James Foley bli halshogd.

James Foley Syria

James Foley hadde rapportert frå Syria i fleire månader før han vart bortført i november 2012.

Foto: HANDOUT / Reuters/NTB Scanpix

Tittelen på videoen, som er lagt ut på sosiale medium, er «Ein bodskap til Amerika». Her blir det blant anna sagt at Foley vart drepen som svar på at USAs president Barack Obama har starta flyangrep mot IS-stillingar i Irak.

Videoen skal no vere fjerna frå fleire nettstader, blant anna You Tube. Det kvite hus opplyser i natt norsk tid at etterretningstenestene arbeider med å verifisere om videoen er ekte.

På veg til Tyrkia

Journalisten James Foley har vore sakna i Syria i nesten to år. Det var 22. november i 2012 at han vart borte i Syria. Han var på veg til den tyrkiske grensa etter å ha jobba inne i Syria i fleire veker.

Bilen hans vart stansa av fire væpna menn i den vesle byen Taftanaz. Sidan har det ikkje vore direkte kontakt med han. Foley var frilansjournalist og jobba blant anna for nyheitsbyrået AFP.

Han hadde jobba i Midtausten i fleire år, og før han reiste til Syria dekte han borgarkrigen i Libya.

Ein fange til

IS hevdar også på videoen som vart lagt ut i kveld at dei held ein annan amerikansk journalist, Steven Sotloff, som fange.

– Livet til denne amerikanaren, Obama, avheng av di neste avgjerd, seier ein maskert mann med britisk aksent i videoen, medan han viser fram ein fange som skal vere Steven Sotloff.

Det som skal vere avrettinga av James Foley er filma i eit ørkenområde, og det er umogleg å seie frå videoen kvart det er teke opp, skriv AFP. Heile videoen er fem minutt lang.


LES OGSÅ: Amerikansk journalist holdes fengslet i Syria

LES OGSÅ: – Gaddafi forsikra oss om at han var i live

Presidentvalget kort forklart

3. november 2020 velger USA sin neste president. President Donald Trump stiller til gjenvalg for Republikanerne. Joe Biden stiller som presidentkandidat for Demokratene. Rekordmange amerikanere stemmer via post i år, og vi vet ikke når resultatet blir klart. Trump sier han ikke stoler på poststemmene. Samtidig mener Demokratene at man skal bruke lenger tid enn vanlig på å telle opp nettopp disse. Mange frykter kaos i ukene etter valget. Hva skjer om Trump ikke aksepterer et nederlag?
Grupper som Proud boys og Antifa har fått mye oppmerksomhet den siste tiden. Den ekstremistiske hatgruppen Proud boys jublet da president Donald Trump sa «stand back and stand by» i den første presidentdebatten. Samtidig forbereder Boogaloo bois seg på borgerkrig, mens medlemmer av Antifa på venstresiden er villige til å bruke vold i kampen mot rasister og fascister. Kan valget utløse en krig mellom disse gruppene? Og er de farlige?
3. november 2020 velger amerikanerne sin neste president. Donald Trump stiller til gjenvalg for Republikanerne. Joe Biden stiller som presidentkandidat for Demokratene. Ved forrige presidentvalg vant Trump til tross for at Hillary Clinton fikk flest stemmer. Hvordan kan det skje? Her er to ting du må vite for å forstå USA-valget.

SISTE NYTT

Siste nytt