Hopp til innhold

– Gaddafi forsikra oss om at han var i live

Fotojournalisten Anton Hammerl (41) er skoten og drepen av Muammar al-Gaddafi sine styrkar i Libya, opplyser familien hans.

Anton Hammerl vart drepen i Libya den 5.april

Fotojournalisten Anton Hammerl (41) vart drepen i Libya den 5.april. Gaddafi-regimet har heile tida hevda at Hammerl var i god behald.

Foto: Ap

Hammerl, som har både sørafrikansk og austerrisk statsborgarskap, blei skoten i magen av regjeringsstyrkane for seks veker sidan i den libyske ørkenen.

– Skadane var så store at han ikkje ville ha overlevd utan legehjelp, opplyser ein ven av familien til Reuters.

– Blødde ihjel

41-åringen vart pågripen saman med fire andre journalistar i den austlege byen Brega den 4.april. Då dei fire andre journalistane frå USA, Storbritannia og Spania vart sette fri onsdag denne veka, var ikkje Hammerl blant dei.

Drapet skjedde i utkanten av Brega, der Gaddafi-soldatar losna skot mot journalistane frå to militærkøyretøy, fortel dei amerikanske journalistane James Foley og Clare Gillis til nettavisa Global Post.

Fire journalister løslatt i Libya

Fire journalistar som blei tekne til fange av libyske regjeringssoldatar saman med Anton Hammerl, slapp onsdag fri frå fangenskap.

Foto: LOUAFI LARBI / Reuters

Journalistane var sjølv vitne til at libyske soldatar skaut Hammerl og lot han bli liggjande å blø i hjel på bakken. Dei valde å halda tett om drapet fram til i går. Då hadde dei sjølve kome seg i sikkerheit over grensa til nabolandet Tunisia.

– Alt skjedde i løpet av eit brøkdels sekund. Me trudde me hadde hamna midt i ei skotveksling. Etterkvart forstod me at det var oss dei skaut mot. Me kunne høyra og sjå kulene som trefte bakken rundt oss, forklarer Foley.

– Gaddafi sa han var i live

Kona og dei tre borna til Hammerl har fram til i dag levd i håpet om at ektemannen og sonen framleis var i live. Både familien og diplomatar frå Sør-Afrika og Austerrike har i vekevis jobba for å få fotografen ut av libysk fangenskap.

Utanriksdepartementet i Sør Afrika har fått lovnader frå Gaddafi sjølv om at Hammerl var i god behald.

– Både Gaddafi sjølv, sønene hans og rådgjevarane hans har personleg forsikra oss om at Hammerl var i live og i god fysisk form, seier utanriksminister Maite Nkoana-Mashabane på ein pressekonferanse fredag.

– Ondskapsfullt

Utanriksminister Maite Nkoana-Mashabane

Gaddafi har personleg forsikra oss om at Anton Hammerl var i live, seier utanriksministeren i Sør-Afrika, Maite Nkoana-Mashabane

Foto: STEPHANE DE SAKUTIN / Afp

«Det er uakseptabelt og ondskapsfullt av Gaddafi-regimet å dekkja over drapet når det heile tida har visst om Antons skjebne», står det i ei kunngjering frå familien til den avdøde fotojournalisten.

Utanriksminister Nkoana-Mashabane seier Sør-Afrika kjem til å halda kontakten med libyske styresmakter for å finna liket, og for å gje Hammerl ei sømeleg gravferd.

Førre månad vart to fotojournalistar, den Oscar-nominerte filmskaparen Tim Hetherington og Getty-fotograf Chris Hondros, drepne i ei skotveksling i byen Misrata.

SISTE NYTT

Siste nytt