Hopp til innhold

– 120 sivile drepne i Syria i helga

Minst 35 menneske er drepne i nye angrep mot byar i Syria der opprørarane står sterkt, melder aktivistar. Dermed er nærmare 120 sivile drepne i helga.

Syria Deraa

Folk begraver sine døde i Deraa 9. juni 2012. 17 menneske vart drepne i byen dagen før.

Foto: - / Reuters

Søndag vart Homs og dei nærliggjande byane Qusair, Talbiseh og Rastan igjen bombardert med granatar av syriske tryggingsstyrkar, melder Det syriske nettverket for menneskerettar.

Samstundes har syriske opprørarar trappa opp angrepa mot regjeringsstyrkane i desse områda, melder gruppa.

Laurdag

Minst 83 sivile vart drepne då syriske regjeringsstyrkar laurdag gjekk til åtak mot fleire byar, meldte eksilgruppa Syrian Observatory of Human Rights.

Ni kvinner og tre born var blant dei rundt 20 drepne då tryggingsstyrkane gjekk til åtak på Deraa, fødebyen til opprøret i sør, i morgontimane, ifølgje aktivistgruppa.

I Homs, som også er eit av kjerneområda til opprørarane, vart minst 29 menneske drepne.

Ny leiar

Abdelbasset Sida, Syria, Nasjonalråd

Abdelbasset Sida.

Foto: Osman Orsal / Reuters

Den nyvalde leiaren for den syriske opposisjonen, Abdelbasset Sida seier regimet til Syria sin president Bashar al Assad vaklar og har mista kontrollen over ei rekkje byar.

– Me går inn i ein sensitiv fase. Regimet syng på siste verset, sa Sida i sine fyrste kommentarar etter at han laurdag kveld vart valt til ny leiar for Det syriske nasjonalrådet (SNC).

Svensksyriske Sida har kurdisk bakgrunn og har i ei årrekkje budd i eksil i Sverige.

SISTE NYTT

Siste nytt