NRK Meny
Normal

400 barn døde av blyforgifting

I Nigeria har minst 400 barn døydd av blyforgifting i løpet av det siste halvåret, ifølgje organisasjonen Leger Uten Grenser (MSF).

Blyforgifting i Nigeria

Ulovleg graving etter gull har ført til at hundrevis av nigerianske born har mista livet av blyforgifting.

Foto: PIUS UTOMI EKPEI / Afp

Dødsfalla starta i mars, då inn­byggjarar nord i landet begynte med ulovleg gullgraving i område med høg konsentrasjon av bly.

Ifølgje den humanitære organisasjonen Leger Uten Grenser, som driv hjelpearbeid i området, forureinar den lokale gullgruvedrifta både luft, vatn og jord i Zamfara-delstaten nordvest i landet.

10 000 mennesker er råka. Alle dei 400 barna som har døydd til no, var under fem år gamle.

Talet er basert på registrerte dødsfall, men organisasjonen trur at det reelle talet er langt høgare

- Me trur framleis at mørketala er store, seier ein talsmann frå MSF til nyheitsbyrået AFP.

Tørkar malm i heimane

Blyforgiftinga er eit resultat av gullutvinning frå blyhaldig malm. Prosessen inneberer at malmen vert knust og tørka.

Knusinga skaper støv med høgt blyinnhald og tørkinga går ofte føre seg i heimane til folk, noko som aukar risikoen for at barn vert forgifta

Blyforgifting som følgje av gullgraving er også påvist i to andre nigerianske landsbyar.

Det skal vera mistanke om at ytterlegare fire landsbyar er i farseonen.

Avviser samanheng

I fleire landsbyar avviser innbyggjarane at dødsfalla og gullutvinninga har ein samanheng. Årsaka er ifølgje NTB at dei fryktar at styresmaktene vil stogga verksemda, ettersom utvinninga av gull gjev ei langt betre inntekt enn jordbruk for dei fattige småbøndene.

Også miljøprogrammet til FN (UNEP) har påvist at blyforgifting breier om seg i samfunn som driv med den ulovlege gruveverksemda. I ein rapport, som ble offentleggjort måndag, vert det blant anna vist til at grunnvatnet er forgifta, melder NTB.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt