Dei israelske styrkane omringa nabohuset og jenta trekte gardina til side og kikka ut av vindauget. Då blei ho skoten i panna, fortel far hennar Osama Musleh.
– Ho hadde ikkje gjort noko gale, og ho hadde ikkje våpen, seier Musleh.
Det israelske militæret skal no undersøke kva som skjedde då Lujain blei drepen på tysdag, melder Reuters.
I dag blei jenta gravlagd i landsbyen Kafr Dan i nærleiken av Jenin på Vestbreidda.
Valden på Vestbreidda aukar
34 palestinarar er ifølge FNs nødhjelpskontor (OCHA) drepne i israelske angrep i Jenin og Tulkarem-området nord på Vestbreidda den siste veka. Fire journalistar skal vere såra.
Jenin og Tulkarem er byar nord på den palestinske Vestbreidda, som er under israelsk militærokkupasjon.
Samtidig som krigen i Gaza har vara i over ti månadar, har valden på Vestbreidda også eskalert.
Over 600 palestinarar er drepne der sidan 7. oktober, opplyste FN førre veke. Kring 120 er drepne i luftangrep.
Den siste veka har hundrevis av israelske soldatar, støtta av kampfly, helikopter og pansra køyretøy, gjennomført angrep i Jenin og Tulkarem-området.
Dei rosa felta viser palestinske område frå 1949 fram til 1967. Gaza var då okkupert av Egypt. Vestbreidda var okkupert av Jordan.
Når Noreg no anerkjenner Palestina som eigen stat, er det desse grensene Noreg meiner staten Palestina og staten Israel bør basere seg på, med Jerusalem som delt hovudstad og med opning for avtalar om landbyte.
Dei rosa felta viser dei palestinske områda i dag. I Gaza pågår krigen for fullt mellom Israel og Hamas.
På Vestbreidda viser dei rosa områda kva for nokre område som er palestinskstyrte og delvis palestinskstyrte. Dei mørkeblå områda er underlagt israelsk kontroll.
Mange står utan heimar
Den israelske hæren (IDF) seier målet deira er Iran-støtta væpna grupper, som Hamas og Islamsk heilag krig.
Ei rekke hus er rivne, pansra bulldosarar har rive opp gater og vegar. Øydeleggingane er store.
Ein FN-delegasjon prøvde tysdag å ta seg inn i Jenin for å vurdere omfanget av skadane, men blei nekta tilgang av israelske styrkar.
– Ambulansar og helsepersonell blir også hindra, konstaterer FN-talsmannen Stéphane Dujarric.
Forsvarsminister i Israel Yoav Gallant sa onsdag at israelske styrker «utryddar terrororganisasjonar» over heile Vestbreidda.