Hopp til innhold

15 drepne i terrorangrep mot kyrkje

Ein mann køyrde ein bil full av sprengstoff inn i ei kyrkje under gudstenesta i det nordlege Nigeria i dag. Minst 15 menneske vart drepne og rundt 40 såra.

Sjølvmordsbombaren brukte denne bilen i kyrkjeangrep i Nigeria.

Dette er bilen sjølvmordsbombaren brukte i angrepet mot kyrkja i Bauchi nord i Nigeria.

Foto: Shehu Saulawa / Ap

Meldingane frå kyrkje i Bauchi city tyder på at bilen ikkje kom seg heilt inn i kyrkja, men at den svært kraftige eksplosjonen skjedde då bilen small inn i ein port.

Goodluck Jonathan

Boko Haram truar med å drepe Nigerias president Goodluck Jonathan.

Foto: Stephen Wandera / Ap

Etter fleire tidlegare angrep mot kyrkja vart det vakthald rundt kyrkja, og dette hindra sjølvmordsbombaren å kome seg heilt inn til sjølve kyrkjebygget. Men menneska inne i kyrkja fekk panikk då dei høyrde eksplosjonen og dei rømde ut.

Der vart dei møtte av ei eldsøyle som oppstod som følgje av eksplosjonen, og mange omkom i flammane.

Boko Haram

Det er truleg den islamistiske organisasjonen Boko Haram som står bak angrepet. Boko Haram har gjennomført fleire liknande angrep mot kyrkjer dei siste åra.

Gruppa har eit uttalt mål om å jage alle kristne frå det nordlege Nigeria, slik at dei kan etablere ein islamsk stat basert på sharialovene.

Bombeangrep i Nigeria.

Det vart gjort stor skade også på fleire andre bilar utanfor kyrkja.

Foto: Shehu Saulawa / Ap

Blant dei rundt 180 millionar menneska som bur i Nigeria, det mest folkerike landet i Afrika, er rundt halvparten kristne og den andre halvparten muslimar. Det er flest kristne i sør og flest muslimar i nord.

Trua med å drepe presidenten

I april i år trua det som skal ha vore medlemer av Boko Haram i ein video vist på YouTube, med å drepe Nigerias president Goodluck Jonathan i løpet av tre månader. Før dette hadde presidenten bede islamistane bede om å delta i samtalar om den politiske situasjonen i landet.

Styresmaktene i Nigeria har sett i verk strenge tryggingstiltak rundt kyrkjene i landet, men likevel er ikkje dette nok til å stanse angrepa. I slutten av april vart rundt 20 menneske drepne i eit angrep mot ei kyrkje i Kano i det nordlege Nigeria.

Nokre dagar seinare vart 56 drepne i eit angrep mot ein krøttermarknad i byen Potiskum i den nordaustlege delen av landet.

Fleire hundre menneske er drepne i liknande angrep dei siste åra.

Den kraftige eksplosjonen gjorde stor skade.

Den kraftige eksplosjonen gjorde stor skade på kyrkja og bygningane rundt.

Foto: Shehu Saulawa / Ap

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt