Ein tilsett ved sjukehuset i byen opplyser at dei har fått inn 56 døde menneske frå marknadsplassen.
Boko Haram står bak fleire angrep mot kyrkjer i det nordlege Nigeria.
Foto: AFOLABI SOTUNDE / ReutersVisepolitimeisteren i delstaten Yoube, Moses Namiri, gir opp talet på døde til minst 34, og han legg til at den islamistiske geriljaorganisasjonen Boko Haram er hovudmistenkt for å stå bak.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Skytevåpen og sprengstoff
Ein anonym tenestemann i byen sa tidlegare i dag til AFP at minst 34 menneske var drepne, men at talet truleg kom til å stige. Dette fordi mange familiar hadde gravlagt sine døde utan å ha gått via sjukehuset.
Ei gruppe væpna menn gjekk til angrep på krøttermarknaden i Potiskum seint i går kveld. Dei skaut mot menneska som oppheldt seg på staden, og dei brukte også sprengstoff. Det utvikla seg ein stor brann som følgje av angrepet.
Augevitne fortel om døde menneske som låg strøydde utover marknadsområdet, og forkola dyr og utbrende bygningsrestar.
Fryktar hemnangrep
Islamistgruppa Boko Haram står bak fleire angrep på kristne i denne delen av Nigeria det siste året. Fleire hundre menneske er drepne i desse angrepa, og det er no stor frykt for at dei kristne skal væpne seg og gjennomføre hemnangrep.
Ein talsmann for dei kristne i Nigeria sa tidlegare i dag at dersom ikkje nigerianske styresmakter greier å stanse angrepa mot kristne i landet, så vil det kristne Nigeria sørgje for å forsvare seg.
Nigeria, det mest folkerike landet i Afrika, har rundt 152 millionar innbyggjarar, der rundt halvparten er kristne og den andre halvparten er muslimar. Dei kristne er i fleirtal i den sørlege delen av landet, medan muslimane er i fleirtal i nord.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Islamsk stat og sharia
Boko Haram trua for eit par månader sidan med å drepne alle kristne i det nordlege Nigeria, dersom dei ikkje reiste frå området. Boko Haram ynskjer å etablere ein islamsk stat styrt av sharialover.
LES OGSÅ: