NRK Meny
Normal

- Vanunu må setjast fri straks

- Norske styresmakter må gjere det dei kan for at Mordechai Vanunu blir sett fri, seier den norske venninna til Vanunu, Kristin Joachimsen.

Mordechai Vanunu ( i midten) blir passa på av to fangevaktarar før rettshøyringa i Jerusalem.

Mordechai Vanunu ( i midten) blir passa på av to fangevaktarar før rettshøyringa i Jerusalem i dag.

Foto: Dan Balilty / Scanpix/AP

Kristin Joachimsen er den norske venninna til Mordechai Vanunu.

Kristin Joachimsen er den norske venninna til Mordechai Vanunu.

Foto: Universitetet i Tromsø

Kristin Joachimsen (40) er professor i teologi og bibelforskar ved Universitetet i Tromsø. Ho seier at menneskerettar ikkje er ei nasjonal sak, og at det hastar med å få Vanunu til Noreg.

Husarrest

Nettutgåva til den største avisa i Israel, Yedioth Aharonot, melde i føremiddag at Mordechai Vanunu (55) vart arrestert på Ambassador Hotel i Aust-Jerusalem i dag tidleg, etter å ha møtt den norske venninna si der.

Kristin Joachimsen er også avhøyrt av israelsk politi, og skal etter det avisa skriv ha stadfesta at ho har møtt Vanunu.

Etter nokre timar vart arrestasjonen av Vanunu omgjort til to døgn i husarrest.

LES OGSÅ: Vanunu møtte norsk kvinne

LES OGSÅ: Jurister vil gi Vanunu asyl

LES OGSÅ: SV inviterer Vanunu til Norge

Honningfelle

Den israelske atomfysikaren sona 18 år i fengsel for å ha fortalt detaljar om det israelske atomprogrammet til den britiske avisa The Sunday Times i 1986. Han vart pågripen av den israelske etterretningstenesta Mossad i Roma i ein såkalla honningfelle-aksjon seinare same året.

Han vart sett fri i 2004 på vilkår av at han ikkje får ha kontakt med utanlandske statsborgarar, og han får heller ikkje forlate Israel.

Fredsrørsla

Hedda Langemyr

Hedda Langemyr er dagleg leiar i Norges Fredsråd.

Foto: NRK

Fredsrørsla i Noreg har engasjert seg sterkt i lagnaden til Mordechai Vanunu.

- Norske styresmakter må gjere mykje meir for at Mordechai Vanunu skal få kome til Noreg, seier dagleg leiar i Norges Fredsråd , Hedda Langemyr.

Hedda Langemyr meiner tida no er inne for norske styresmakter til å leggje press på Israel for at dei skal gi Vanunu løyve til å reise ut av landet.

Ho minner om at han har motteke eit æresdoktorat ved Universitetet i Tromsø, som han ikkje har fått sjansen til å nytte seg av.

- Vanunu til Noreg

- Fleire frivillige fredsorganisasjonar har jobba for å få Vanunu til Noreg, og no er det på tide at norske styresmakter stiller opp og støttar dette initiativet, seier ho.

Hedda Langemyr ynskjer eit tettare samarbeid med Utanriksdepartementet og Utlendingsdirektoratet for å få Vanunu til Noreg, og ho kjem til å ta initiativet til eit møte om saka i nær framtid.

Ole Kopreitan har vært et landemerke fir Nei til Atomvåpen i over 25 år.

Ole Kopreitan meiner Noreg har eit medanvar for Vanunu sin vanskelege situasjon.

Foto: Johansen, Erik / SCANPIX

Leiar Ole Kopreitan i Nei til atomvåpen ber regjeringa stramme seg opp og gi Vanunu eit flyktningpass som gir opphald og vern i Noreg. Han meiner Noreg har eit medansvar for den håplause situasjonen Vanunu er i.

Han viser til at Noreg gjennom levaransane av tungvatn til israel er medskuldig i at Israel greidde å skaffe seg atomvåpen.

Kopreitan minner om at fleire hundre chilenarar fekk flyktningpass frå Noreg etter statskuppet til Augusto Pinochet.

LES OGSÅ: Nytt norsk nei til Vanunu

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt