Hopp til innhold

- Folk i Pakistan er redde

- Folk i Pakistan er redde. Dei er usikre på om styresmaktene verkeleg har kontrollen, seier forskar Laila Bokhari.

Folk i Pakistan er redde etter angrepa den siste veka.
Foto: Fayaz Aziz / Scanpix/Reuters

Meir enn 160 menneske er drepne i ulike angrep i løpet av den siste veka. Angrepa har vore retta mot politiet og dei militære, men det er også mange sivile mellom dei drepne og såra.

Minst 41 vart drepne i angrepa i dag.

Ei pakistansk islamistisk gruppe knytt til Taliban, Tahreek-e-Taliban (TTP), har teke på seg ansvaret for angrepa i dag.

Dødelige simultanangrep i Lahore

Mistillit og misnøye

Laila Bokhari

Laila Bokhari er forskar ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI).

Foto: Prio

- Folk i Pakistan er redde. Dei undrar seg om styresmaktene verkeleg har kontroll over sine eigne militære styrkar og andre offentlege institusjonar. Det spreier seg mistillit og misnøye med korleis dei styrande i landet handterer situasjonen, seier Laila Bokhari.

Ho er forskar ved Norsk Untanrikspolitisk Institutt si avdeling for tryggleik og konflikthandtering.

Bokhari seier angrepa dei siste dagane viser at trusselen frå opprørsgruppene er aukande, og at det ikkje gjeld berre stammeområda nær grensa til Afghanistan, men også dei store byane.

Auka press

Video nsps_upload_2009_10_15_19_9_16_4035.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Ho meiner at angrepa har ført til eit auka press på statsminister Yosaf Raza Gillani om å slå ned opprøret. Men samstundes er det eit press frå opinionen om å unngå sivile tap i kampen mot opprørarane.

Ein del avdelingar som har vore i kamp mot opprørsstyrkane har opplevd store tap, og dette har igjen svekt moralen i desse avdelingane.

Statsministeren seier at dei har ein strategi, og at dei skal finne eit passande tidspunkt til å slå tilbake mot Taliban. Han forsikrar at det pakistanske atomvåpenarsenalet er i trygge hender, og at det ikkje er trua av opprørarane.

Andre opprørsgrupper

Innanriksminister Rehman Malik trur dei fleste angrepa blir planlagde i provinsen Sør-Waziristan nær grensa til Afghanistan, ofte med hjelp frå lokale opprørsgrupper med base i Punjab-provinsen.

Fleire av opprørarane som vart drepne under angrepa i dag, var tenåringar.

I dag var det to angrep retta mot politiet i storbyen Lahore. Væpna menn storma to politiskular og kriminalpolitiet sitt reginale hoveudkvarter. 19 menneske vart drepne i desse angrepa, og mange andre vart såra.

Fleire born vart drepne då ein sjølvmordsbombar køyrde bilen si inn i muren rundt ein politistasjon i byen Kohat nordvest i landet.

Seinare på dagen miste eit barn livet då ei fjernstyrt bombe gjekk av i eit bustadområde i Peshawar.

Det vart gjort store øydeleggingar i angrepa i Lahore.

Ein politimann ser på restane av øydelagde bygningar i Lahore.

Foto: A. Majeed / Scanpix/AFP

SISTE NYTT

Siste nytt