Måndag melde ein sørkoreanske fjernsynsstasjon at
LES OGSÅ:
Kim Jong-un er den yngste sonen til Kim Jong-il.
Foto: YONHAP / AfpNo er det herjingane til tyfonen «Kompasu» som får skulda for utsetjinga. Den sørkoreanske hjelpeorganisasjonen «Gode Vener» seier i dag at utsetjinga skuldast at mange delegatar er hindra frå å reise på grunn av flaum og øydeleggingar.
Før 10. oktober
Dei har fått vite at partikongressen, som er venta å velje etterfølgjaren til Kim Jong-il, truleg vil starte ein gong før 10. oktober.
Dette blir støtta opp av kjelder det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap har snakka med
Som vanleg i det lukka landet har ikkje dei offisielle mediakanalane meldt noko som helst om årsaka til utsetjinga. Men det offisielle nyheitsbyrået har meldt at fleire titals menneske omkom då tyfonen «Kompasu» slo inn over Nord-Korea 2. september.
Vidare heiter det at 8380 private heimar og 230 offentlege bygningar vart øydelagde. Stormen gjorde også stor skade på landbruksjord, vegar, jernbane og kraftforsyninga.
Sist månad vart eit område nær grensa til Kina ramma av kraftig flaum, som gjorde stor skade på infrastrukturen.
LES OGSÅ:
Redd for reaksjonar
Offisielle kjelder som «Gode Vener» har snakka med har fortalt at styresmaktene var redde for korleis folk ville reagere, dersom partikongressen hadde gått som planlagt samstundes som mange menneske var i naud på grunn av flaumen og tyfonen.
Flaum og tyfon har ført til enorme skadar på infrastrukturen i Nord-Korea.
Foto: ApDen nordkoreanske kommunistparti sin partikongress, som av fleire observatørar blir kalla den viktigaste på fleire årtier, skulle etter planen har starta før 15. september.
Samstundes har den sørkoreanske regjeringa vedteke å sende naudhjelp til ein verdi av rundt sju millionar kroner til nabolandet. Dette blir tolka som at forholdet mellom dei to nabostatane, som formelt framleis er i krig, har blitt betre den siste tida.
Det var eit innlegg på
til eitt av universiteta i Pyongang som gjorde at spekulasjonane om at Kim Jong-Ils etterfølgjar skulle veljast på denne partikongressen, skaut fart.Her står det blant anna:
«Berre når etterfølgjaren til leiaren er vald på ein skikkeleg måte, kan leiaren sine idear og revolusjonære bragder bli tekne vare på og utvikla vidare»
LES OGSÅ:
Hindre politisk uro
Det heiter vidare at etterfølgjaren må den naudsynte autoriteten for å hindre at det blir politisk uro i landet. Det heile er forma som eit spørsmål og svar-innlegg.
- Dette er truleg eit forsøk på å sende ut signal om det som skal skje, for å sjå korleis unge menneske vil reagere på at det blir ein ny overføring av makt frå far til son, seier Yang Moo-Jin ved Universitetet for Nord-Korea-studiar i Seoul til Yonhap.
Den yngste sonen til Kim Jong-il, Kim Jong-un, er venta å bli utpeikt som etterfølgjar som statssjef i kommunistlandet. Kim Jong-il tok sjølv over etter sin far, sjølve grunnleggjaren av den nordkoreanske staten, Kim il Sung.
Tyfon og flaum har ført til store skadar på risavlingane i Nord-Korea
Foto: Ap