Hopp til innhold

- Demokratiet truga i Kasakhstan

USA fordømmer planane til kasakhstanske styresmakter om å forlengja mandatet til den sitjande presidenten Nursultan Nazarbayev (70) fram til 2020.

President Nursultan Nazarbayev

Nursultan Nazarbayev (70) har vore president i Kasakhstan sidan landet blei sjølvstendig i 1991. No er han lysten på ti nye år i sjefsstolen

Foto: ATTILA KISBENEDEK / Afp

Eittparti-parlamentet har bede om ei folkeavstemming om ei vidareføring av Nazarbayev sitt mandat i åtte nye år.

USA reagerer sterkt på at det sentralasiatiske landet vil avlysa presidentvalet i 2012, og meiner planane er eit tilbakeslag for demokratiet i Kasakhstan.

Nazarbayev har styrt landet med jern­hand sidan Sovjetunionens fall i 1991. 

SISTE NYTT

Siste nytt