Hopp til innhold

Skuldar Venezuela sine fiendar for Chávez sin kreftsjukdom

Venezuelas visepresident Nicolas Maduro skuldar landet sine fiendar for at president Hugo Chávez er alvorleg kreftsjuk. To amerikanske diplomatar er utviste frå landet.

Venezuelas visepresident Nicolas Maduro.

Venezuelas visepresident Nicolas Maduro legg skulda for presidenten sin kreftsjukdom på landet sine fiendar.

Foto: HO / Afp

Alle militære og sivile leiarar i det søramerikanske landet samla seg i presidentpalasset i dag, etter at det vart kjent at tilstanden til presidenten hadde forverra seg ytterlegare. Tilstanden er svært alvorleg.

USA-diplomat utvist

Venezuela Chavez Hugo Chavez

Tilstanden til president Hugo Chávez er ytterlegare forverra det siste døgnet.

Foto: Ariana Cubillos / Ap

På eit regjeringsmøte som vart sendt direkte på venezuelansk fjernsyn i kveld norsk tid la visepresidenten skulda for kreftsjukdomen på fiendar av Venezuela, og kunngjorde i same andedrag at to amerikanske diplomatar er utviste.

– Chavez vart påført denne sjukdomen. Dei historiske fiendane til denne nasjonen vurderte korleis dei skulle øydeleggje helsa til leiaren vår, sa ein kjensleladd Maduro under det fjernsynssende regjeringsmøtet.

Det skal vere snakk om ein diplomat med bakgrunn frå det amerikanske luftvåpenet. Maduro sa at han har delteke i ein konspirasjon mot den venezuelanske regjeringa, og at regjeringa har sett i verk tiltak for å hindre ei destabilisering av situasjonen i landet i samband med sjukdomen til Hugo Chávez.

Frist på 24 timar

Den eine amerikanske diplomaten, som blir identifisert som David Del Monaco, har fått ein frist på 24 timar til å forlate landet. Amerikansk UD opplyser at han alt er på veg ut av Venezuela.

Det er uklart kva stilling han har hatt ved ambassaden. Identiteten til den andre er ikkje kjend.

Maduro brukte også fjernsynstalen i kveld norsk tid til å be det venezuelanske folket om å samle seg i bøn for den kreftsjuke 58 år gamle presidenten. Han sa at Hugo Chávez går gjennom sin vanskelegaste periode sidan kreftoperasjonen på Cuba 11. desember i fjor.

LES OGSÅ: Chávez' helsetilstand forverret

LES OGSÅ: – Chavez kjemper for livet

LES OGSÅ: Chavez sliter med å puste

Bønn i kyrkjene

Tilhengjarane til Hugo Chávez har i heile dag samla seg i kyrkjene i landet for å be for den alvorleg sjuke presidenten, som har styrt landet i 14 år. Dagleglivet i hovudstaden Caracas verkar likevel å gå som normalt.

Mange tolkar dei siste meldingane frå regjeringa som at Hugo Chávez no ligg for døden. Mange har kravd at det blir gitt meir informasjon om presidenten sin tilstand.

SISTE NYTT

Siste nytt