I år går pengane frå TV-aksjonen til Care Norge. Organisasjonen skal bruke pengane på å løfte 400.000 kvinner ut av fattigdom i nokre av dei mest sårbare områda i verda.
– Nå er bankane som tel opp, i full gang med å telje og registrere bøssebidrag, sa leiar for TV-aksjonen Vibecke Østby då TV-sendinga akkurat hadde begynt.
– Resultatet av TV-aksjonen vil bety enormt mykje for kvar einaste ei av kvinnene som nå får moglegheit til å tene sine egne pengar, bestemme over eigen kropp og få si stemme høyrd, seier Gry Larsen, generalsekretær i Care Norge.
TV-aksjonsleiar Østby syntest at det var skikkeleg spennande å følge med på resultata under TV-sendinga.
– Dette blir ein thriller utover kvelden. Me er så takknemlege for alle som har bidratt, sa Østby tidlegare på kvelden.
Då dei siste tala kom inn, framheva ho igjen innsatsen til alle som hadde stilt opp for å støtte arbeidet til Care.
– Kvar dør som er banka på, kvar klem som er gjeven, kvart møte som er skapt og kvar ei krone som er putta på bøssa, er heilt uvurderleg, seier Østby.
Svalbard vann kommunekampen
Kvart år er det kamp om å vere den kommunen som har innbyggarane med størst gjevarvilje. I år som i fjor, vann Svalbard. Denne gong framfor Utsira i Rogaland.
Bodkrig på VM-bordet
TV-aksjonen har kvart år ein eigen auksjon.
På auksjonen kunne du i år by på alt frå bordet som stod i NRK sitt VM-studio i Seefeld til kommune- og fylkesskilt.
Desse objekta gjekk for mest pengar:
- Radiosending med Morgenklubben frå Radio Norge
550.00 kroner var bodet som vann auksjonen om å få Morgenklubben heim til seg. - Signert bord frå NRK sine Seefeld-sendingar
VM-bordet er selt etter bodkrig i sluttminutta. Det høgaste bodet enda på 275.000 kroner. - Flytur til Jan Mayen
Flyturen til Jan Mayen gjekk til slutt for 65.000 kroner.
Til saman kom det inn 2.260.539 kroner frå auksjonen i 2019.
Dette går pengane til
1. Hennar pengar – hennar moglegheiter
TV-aksjonen skal hjelpe kvinner med å skape sin eigen arbeidsstad og si eiga inntekt.
Meir enn 300.000 kvinner får moglegheit til å bli med i ei spare- og lånegruppe. Care kjem òg til å gje kvinner opplæring i å leie desse gruppene. Kvinner skal få tilgang til banktenester, og Care skal løfte fram kvinnelege entreprenørar.
2. Hennar kropp – hennar val
Kvinner skal ha rett til å bestemme over sin eigen kropp. Dei skal ha rett til å seie ja og nei.
Med midla frå TV-aksjonen skal kvinner få opplæring i seksuell helse og helse for mødrer. Care jobbar for at kvinner skal ha kunnskap til å sjølv velje om og når dei ønsker å få barn, og kor mange barn dei ønsker å få.
Eit anna viktig tiltak i årets TV-aksjon, er å engasjere over 10.000 menn for å få slutt på vald mot kvinner.
3. Hennar draumar – hennar stemme
Kvinner skal få stemma sin høyrd. Dei skal delta i avgjerder som dreiar seg om dei sjølv. Med pengane frå TV-aksjonen vil kvinner få opplæring i politisk leiarskap og deltaking og leiarskap i arbeidslivet og lokalsamfunnet.