Croppa ingressbilde Fagerli
Foto: Helene Solheim / NRK

Triksekongane

Brynjar og broren Erlend ville ikkje spele meir fotball. Likevel hadde dei moglegheita til å bli verdas beste med ball.

På eit lite rom heime i den vesle bygda Svorkmo i Trøndelag sit Brynjar (14) og Erlend Fagerli (11) samla rundt den stasjonære datamaskina. Minstemann er eit hovud lågare enn storebror, men aldersforskjellen betyr ingenting. Dei gjer det meste saman.

Begge to spelar fotball, men det byrjar å bli kjedeleg. Frå før har dei testa ut alt frå bordtennis til skihopp, men no er dei svoltne på ein ny hobby.

Det er derfor dei ser på fotballtriksing på Youtube denne vårdagen 2009. Freestyle football. Dei sit inne på eit slags datarom, som er lite og trongt. Rommet har skråtak, og er fylt opp med permar som er mamma og pappa sine.

Brørne klarer ikkje å ta auge vekk frå dei akrobatiske, muskuløse og kreative sjelene – som driv med ein heilt spesiell type kunst. Brynjar og Erlend blir trollbunde.

Dette måtte dei prøve.

Fagerli-brødrene

Erlend (t.v.) og Brynjar brukte gardsplassen heime for å trene på fotballtriksing.

Foto: privat

Foreldra trudde nok det ville bli ein forbigåande hobby, men det vart det ikkje.

Brørne blei heilt hekta, og det første året triksa dei året rundt.

Spørsmålet er om dette eigentleg var verdt å satse på. Men endå visste dei ingenting om kva som skulle skje berre fire år seinare.

Vurderte å legge frå seg ballen

Fotballtriksing er framleis ein ganske ukjend sport i Norge. I andre delar av verda er det mykje større. Det arrangerast private konkurransar i ulike land, i tillegg til større arrangement som VM. Japan, Polen, Brasil og Russland er eksempel på land kor sporten er mykje meir utbreitt enn i Norge.

Eit av problema her i Norge er at Brynjar og Erlend må trene heilt aleine. Det er ingen andre triksarar i nærleiken.

Dei fortel at det kan vere vanskeleg å halde motivasjonen oppe til tider.

Men dei gjer alt dei kan for å styrke kvarandre. Dei er heldigvis to.

Vi er veldig bevisst på at det kan bli krangling, det er heilt naturleg.

Brynjar

Og trass i eit relativt lite miljø her til lands er ikkje Erlend og Brynjar dei første nordmennene som har forelska seg. Miljøet for fotballtriksing er lite, men samansveist.

I 2010 blei norske Anders Azun Solum verdsmeister.

Var dette mogleg for brørne frå Svorkmo å klare? Kanskje burde dei heller fokusere på utdanning og karriere. Det har nemleg vore fleire problem på vegen.

Då dei starta med triksinga hadde ikkje Erlend komme i puberteten endå. Han sleit med å få kontroll på kropp og ball. I tillegg har han hatt litt trøbbel på grunn av skeivstilling i beina, så spørsmålet var om han måtte gi seg.

Fagerli-brødrene

Erlend var berre 11 år då han starta å trikse, men kroppen ville ikkje samarbeide heilt.

Foto: Privat

Likevel klarte ingen av dei å legge frå seg ballen. Til slutt ender dei opp med å ta eit veldig avgjerande val.

Dei «fattige» verdsmeistrane

Landslaget til herrane i fotball er på 53. plass i verda, viss vi ser på FIFA-rankinga. Korleis kan Norge ha verdas beste triksarar – samtidig som vi er forholdsvis dårlege i fotball?

Fordi det er to heilt forskjellige sportar. Carl-Erik Torp som er fotballekspert i NRK har sjølv triksa tallause timar med ballen.

– Ballfølelsen og kroppskontrollen er overførbar. Det ser jo ut som om ballen er lima fast til kroppen deira, men samtidig er det ikkje fotball. Sportane er heilt forskjellige.

Her klarer Brynjar etter fleire forsøk å trekke korga. Folk skjønar ikkje heilt kva brørne driv med før dei ser det med eigne auger.

Det er heller ikkje same type pengepremiar å hente i triksing som i fotball. Vinnaren av VM i fotballtriksing i år vann 1000 euro – under 10.000 kroner.

La oss samanlikne med nokon andre:

  • Karsten Warholm fekk ein halv million kroner då han tok VM-gull i friidrett i fjor.
  • Johannes Høsflot Klæbo hanka truleg inn over fire millionar kroner på OL-sesongen, i tillegg til sponsorinntekter osv.
  • Rosenborg-spelarane delar ein bonus på rundt 20 millionar kroner fordi dei har kjempa seg til Europaligaen i år.

– Livet treng ikkje endre seg sjølv om ein blir verdsmeister, ler Erlend.

Brørne fortel at pengepremiane foreløpig er ganske på trynet, men at dei ikkje gjer det for pengane sin del. Hovudmotivasjonen er å sjå kor gode dei kan bli i triksing.

Det blir mykje prøving og feiling, men dei har heile tida hatt kvarandre. Viss Erlend slit med motivasjon stiller Brynjar opp.

Over tid klarte dei å opparbeida seg eit mål. Eit mål om å bli best.

Og så endå betre.

Plutseleg må dei slåst mot kvarandre

Året er 2013. Brynjar og Erlend sit no på flyet på veg til Praha i Tsjekkia. Dei er ganske nervøse, men prøver å ikkje tenke for mykje på kva som skal skje.

Brørne skal snart få svar på kor gode dei eigentleg er. Det er tid for VM.

I VM finnast det fleire ulike kategoriar ein kan konkurrere i. Den viktigaste og mest prestisjefulle er den individuelle hovudkonkurransen «battle». Vinn du denne kan du kalle deg verdas beste fotballtriksar.

– Men de blir ikkje uvennar når de skal konkurrere mot kvarandre?

Vi har jo sett det før. Ingebrigtsen- og Bø-brørne for eksempel. Søsken som slost mot kvarandre for å bli verdas beste i samme sport.

– Dersom vi er i ein duell håpar eg på ein måte at han skal miste ballen. Samtidig vil eg vinne fordi eg er best, ikkje fordi konkurrenten har uflaks, seier Brynjar.

Veslebror nikkar.

Brørne meldte seg og på i ein parkonkurranse, der dei må samarbeide for å få til eit best mogleg «show».

Begge to innrømmer at det er dette som skapar mest krangling.

Brynjar samanliknar fotballtriksing med breakdance. Einaste forskjellen er eigentleg ballen.

Men motstandarane blei litt for gode.

Brynjar nådde topp 8 og Erlend hamna blant topp 32.

Men sjølv om det ikkje gjekk heilt vegen i Praha i 2013, bestemte Brynjar og Erlend seg for noko – dei skulle satse alt.

Trenar meir enn Johannes Høsflot Klæbo

Vi spolar fram til 2018. Erlend (21) er blitt like høg som Brynjar (24).

Eg har bedt dei to triksegutane om å møte meg i Ladeparken i Trondheim. Begge har kvar sin ryggsekk med seg, og før eg veit ordet av det byrjar dei å kle av seg. Erlend hiv av seg skjorta, og plutseleg står dei der halvnakne.

Fagerli-brørne skiftar om til treningsklede. Passerande personar kastar eit ekstra blikk, men gutane ser ikkje ut til å bry seg. Dette har dei gjort mange gonger før.

Eg blir litt sett ut, men er skikkeleg spent på å sjå det dei skal vise meg. Erlend rotar meir nede i sekken, og dreg til slutt opp ein svær metallkloss.

No har minstemann Erlend nettopp blitt verdsmeister. For andre gong.

Det var over 400 deltakarar frå 53 ulike land med på VM i år.

Erlend fortel at «metallklossen» er overraskande tung. Dette er hans andre VM-gull.

Eg ville så sjukt at han skulle løfte handa mi. Det var ei sjukt deilig kjensle.

Erlend

Viss du vil sjå heile finalen til Erlend kan du klikke her.

Når det kjem til reglar i fotballtriksing er det for eksempel ikkje lov å røre ballen med armane, på samme måte som i fotball. For å kåre ein vinnar er dei fleire ulike kriterium dommarane ser på:

  • Vanskegrad
  • Originalitet
  • Allsidigheit
  • Utføring
  • Kontroll

Saman har dei blitt kåra til verdas beste i parkonkurransen tre år på rad, og Brynjar har tatt gull i Europameisterskapet.

Både Brynjar og Erlend har flytta til Trondheim for å studere – sivilingeniør og medisin, men vel å gå deltid for å få nok tid til å trene. Brørne brukar no fleire timar med ballen i løpet av eit år, enn Johannes Høsflot Klæbo gjer på ski.

– Vi trenar cirka 20 timar i veka, fortel Brynjar.

Over 1000 timar i året.

– Det var eigentleg VM i 2013 som gjorde at vi bestemte oss for å satse. Sjølv om vi ikkje stakk av med alt gullet såg vi potensialet til å nå toppen.

Verdsmeister. Europameister og Norgesmeister. Dei unge trønderane har kapra det meste av medaljar i freestyle fotball. Midt på graset her i parken skal dei no forsvare titlane sine.

Dette trikset kallast «trippel-jorda-rundt», fordi foten går tre gonger rundt ballen som er i lufta.

Brørne er litt blodige på knea etter triksinga i parken, og fortel at dei med åra har fått veldig tjukk hud der.

Fotballekspert Torp er svært imponert over dei norske triksegutane:

– Det er fanker'n meg kult å sjå på! Triksinga er utruleg imponerande. Det krev vanvittig med trening, og eit svært talent i botn, seier Torp.

Stolt, men drøymer om gullet sjølv

I parken i Trondheim blir Erlend og Brynjar oppdaga. Ein liten gutegjeng observerer brørne frå avstand, men kjem til slutt nærare.

Plutseleg brøler han eine ut:

– Erlend, er det deg?!

Auge er like store og runde som fotballen. Brynjar pratar med gutane medan Erlend viser nokre triks. Han spør om dei er klar over at veslebroren hans nettopp har blitt verdsmeister.

Men Brynjar har ikkje tenkt å la broren vere verdsmeister aleine.

Drøymen er jo å vinne. Eg vil veldig gjerne klare det som Erlend klarer, men eg er fryktelig stolt. Då han vann i år gløymde eg den dårlege plasseringa mi.

Brynjar

Brørne er glade for at dei turte å satse skikkeleg på triksinga.

Dersom du er gira på å sjå Brynjar og Erlend trikse endå meir kan du sjekke ut NRK-serien «Utrolige Utøvere».