Hopp til innhold

Her blir fotojakta livsfarleg

– Berre flaks at han er i live, meiner moskuskjennar.

Turist går nær moskus

UTFORDRAR SKJEBNEN: Turisten frå Austerrike står om lag 20 meter frå moskusen. Tilrådd avstand er minst 200 meter.

Foto: Karl Inge Jensen

Laurdag var fotograf Karl Inge Jensen på tur i Snøheim i Dovrefjell for å ta bilete av moskus. Med på bileta kom ein dumdristig turist frå Austerrike.

Prøvde å åtvare

– Eg ropte på han og prøvde å åtvare, men han forsto ikkje kva eg sa, seier Jensen.

Han sto på trygg avstand og såg på at den austerrikske turisten gjekk nærare og nærare det 200-300 kg tunge dyret.

– Til slutt sto han berre 20 meter frå moskusoksen. Det var mildt sagt skremmande, og eg var sikker på at det kom til å gå gale, seier fotografen.

Han fekk ikkje snakka med mannen etterpå, men såg at bilen hans var registrert i Austerrike.

– Han kom ikkje bort til oss andre etterpå, så han skjønte kanskje at han hadde gjort noko dumt, seier Jensen.

Turist fotograferer moskus

FOTOGRAFERER: Turisten risikerer truleg livet for å ta nærbilete av moskusoksen.

Foto: Karl Inge Jensen

– Hadde flaks

Og turisten var truleg heldig som kom frå turen i god behald. Knut Nyhus, som driv med moskussafari ved Kongsvoll fjellstue i Dovrefjell, fortel at tilrådd minimumsavstand til dyra er 200 meter.

– Han har hatt usedvanleg mykje flaks. Moskusen kan springe 65 km/t, så ein kan jo berre tenke seg kor for og hardt det kan bli, seier Nyhus.

Han meiner mannen helt klart har gått på moskussafari på eiga hand.

– Ingen autorisert guide ville tillete noko slikt, så han må ha gått åleine, slår Nyhus fast.

Respekterer ikkje råd

Miljøvernavdelinga ved Fylkesmannen i Sør-Trøndelag er kjend med at turistar kan gå for nær moskusen.

– Vi deler ut informasjonshefte og prøvar å gi råd om å halde avstand, men det er ein del turistar som enten ikkje respekterer råda eller rett og slett er uvitande, seier førstekonsulent Kjell Vidar Seljevoll.

Han forklarer at moskusen kan vere farlegare enn den ser ut til.

– Den har ein spesiell biologi, for den rømmer ikkje når den blir redd. Den står i ro og kan i verste fall gå til åtak dersom den føler seg veldig trua, seier Seljevoll.

I følgje Statens naturoppsyn har to menneske blitt drept av moskus i Noreg.