Hopp til innhold

Stensaas til Byåsen

Trine Nordgård Stensaas skal spele fotball for Byåsen kommande sesong.

Trine Nordgård Stensaas
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Trine Nordgård Stensaas spelte sist sesong i Røa, men går no til breiddefotball og 2. divisjonsklubben Byåsen i Trondheim.

- Dette er ein kombinasjon av at eg trappar ned og at Byåsen kvinnefotball er ein klubb som satsar, seier Stensaas til NRK.

Stensaas vann både serie og cup med Røa i fjor og er ei klar forsterking for klubben som endte heilt nede på 9. plass i fjorårets 2. divisjon avdeling 6.

Byåsen har også sikra seg Kattemkeeper Cathrine Larsen i kampen om å klatre i divisjonssystemet.