Onsdag fekk han sjå heile det ferdige NRK-dramaet i Trondheim.
– Det er litt overraskande og det er ikkje akkurat slik du hadde trudd. Men i ettertid ser eg at dei har fått med seg det viktigaste og heile haldninga i historien i tatt vare på, så eg er strålande nøgd, seier Fredrik Skagen til NRK.
Psykologisk thriller
Boka «God natt, elskede» er dramatisert av NRK Drama og blir sendt i tre episodar i desember. Den første episoden blir vist 6. desember klokka 2105.
Regissøren karakteriserer serien som ein underhaldande psykologisk thriller.
– Dette er ingen tradisjonell krim der vi lurer på kven som er mordaren, for vi veit jo alt. Det som er spennande er kva som skjer med dei to hovudpersonane og korleis dei prøver å lurer kvarandre, seier regissør for dramaet, Tor M. Tørstad.
Spelt inn i Drammen
Tv-serien blei spelt inn i Drammen i fjor haust, sjølv om handlinga i boka i hovudsak skjer på Byåsen, i Elgesetergata og på Øya i Trondheim.
Forfattaren sjølv blei veldig skuffa då han fekk vite at innspelinga blei flytta til Drammen av økonomiske grunnar.
Etter å ha sett resultatet, er han ikkje like opprørt over at handlinga ikkje skjer i heimbyen.
– Eg eksploderte til å begynne med, for eg hadde tenkt Trondheim heile tida. Men no i ettertid, når eg ser produktet ferdig har eg begynt å roe meg og innrømmer at det går an å lage tv andre stadar i landet også, seier Skagen.
Gode skodespelarar
Gard Eidsvoll har rollen som Terje Lyngmo i dramaet. Han jobbar som pianostemmar, men drøymer om å bli filmskapar.
Når han ser eit dvd-kamera i ein bil, stjel han det, men det viser seg at kameraet inneheld eit opptak av eit ekte drap. Lyngmo bestemmer seg for å ikkje melde saka til politiet. I staden for opphøgar han seg sjølv til dommar, og krev at drapsmannen skal betale han ein bot på fleire millionar kroner.
– Stig Hoff er eigedomsmeklaren som tek livet av kona si, seier regissør, Tor M. Tørstad.
Forfattaren sjølv er godt nøgd med prestasjonane til skodespelarane.
– Øyvind Blunk er litt nerd i rollen som lektor på Dragvoll. Han overbeviser i rollen sin og er veldig god, seier Skagen.
Ellers finn du mellom anna Kari Simonsen, Elsa Lystad og Linn Skåber på rollelista.