Hopp til innhold

Salmonellautbrot frå småfugl og katt

Ti personar er smitta i utbrotet dei siste månadene. Barn er mest utsett for denne type smitte, seier FHI.

Bilde av mage-tarmbakterien Salmonella Typhimurium.

SALMONELLA: Salmonellabakterien er ein mage-tarmbakterie.

Foto: Janice Haney Carr / AP

Totalt ti personar har fått påvist salmonellabakteriar frå det same utbrotet.

Det opplyser FHI i ei pressemelding tysdag formiddag.

Personane har blitt sjuke mellom mars og juni i år.

– Dei smitta er i aldersgruppa 0–69 år og fleire av dei er barn, seier Umaer Naseer i FHI.

Fire av dei smitta er busett i Trøndelag og to i Vestland. I tillegg er det eitt tilfelle kvar i Agder, Møre og Romsdal, Nordland og Troms.

Les også Salmonellasmitten går mot høyeste på fem år – 33 smittet av samme type

Tomt for egg

Mistenker smitte frå småfugl og katt

Nokre av dei smitta tilhøyrer eit utbrot kor kontakt med småfugl eller katt er den antekne smittekjelda, ifølge FHI.

Den vanlegaste smittemåten for Salmonella er gjennom forureina mat og drikke, men smitte kan også skje ved direkte kontakt med dyr, fortel Naseer.

– Vi mistenker det er fugl eller katt som er smittekjelden til dei flest i dette utbrotet.

Åtte av dei smitta oppgir å ha vore i kontakt med katt eller småfugl i tida før dei blei sjuke.

Naseer seier smitta truleg kjem direkte frå småfugl eller frå katt som har jakta på fugl.

Salmonella Typhimurium som forskere fant på en av forpakningen med rått kjøtt som gis til hund

Salmonellabakterien smittar oftast gjennom mat. Dette utbrotet har truleg smitta frå dyr.

Foto: SLU / VetBact

Barn mest utsett

Det beste tiltaket mot smitte er handvask dersom ein har vore i kontakt med dyr som kan vere smitta, fortel Naseer.

– Salmonella skiljast ut i dyra si avføring og for å førebyggje smitte til menneske er det viktig å vaske hendene etter kontakt med småfugl og katt.

Han seier det er barn som er mest utsett for denne type smitte.

– Barn kan enklare kome i kontakt med smitte dersom dei leiker med fuglebrett, sandkasser eller andre stader der katt eller fuglar har gjort frå seg.

– Då er det viktig at ein er nøye med handvask når barn har vore ute og lekt.

Dei vanlegaste symptoma på ein infeksjon av salmonella er ifølgje FHI diaré, kvalme, oppkast, feber og magesmerter.

Infeksjonen varer vanlegvis mellom fire og ti dagar og går som regel over av seg sjølv.

Les også Ny rapport: Oppdrettslaksen dør av infeksjoner og skader

Her ute ved merdene ved Rinøya i Lødingen der død laks ligger med buken opp flytende i vannet.