Klokka 13.48 melder Bane Nor at Nordlandsbanen er open igjen, men at det vil bli forseinkingar i løpet av dagen.
Togtrafikken på Nordlandsbanen var stengt mellom Åsen og Skatval i Trøndelag på grunn av ras og stein i sporet.
Bane Nor var ikkje sikre påkor lang tid det vil ta å rydde linja.
Problema ramma også dei som reiste med Trønderbanen.
Bane Nor veit ikkje når raset blir rydda og strekningen sikra.
Foto: Bane NorStein på toglinja
Widar Lian, Pressevakt hos togselskapet SJ Noreg, fortalde at det hadde kome stein ned på skinna.
Han bekrefta at strekninga vart stengd og at Bane Nor opplyste at dei ventar på geolog.
Ved halv åtte tida opplyste Bane Nor at dei førebels ikkje hadde noko estimat på kor lang tid det ville ta før togtrafikken kunne gå igjen.
SJ opplyser i åttetida at også dagtoget mellom Trondheim og Bodø blei innstilt mellom Trondheim og Levanger. Det blei ikkje sat opp alternativ transport.
Frå Levanger gjekk toget til Bodø tilnærma normalt.
– Vi snur materiellet på Levanger og køyrer nordover, men det er mogleg det blir nokre forseinkingar, sa Lian.
På Skatval søker reisande ly for regnet. Dei ventar på alternativ transport.
Foto: Vegard Woll / NRKUtfordrande med alternativ transport
– Vi har store utfordringar med å skaffe alternativ transport, fortel Lian.
Han peikte på at det er mykje som skjer i Trøndelag, mellom anna går fiskerimessa Nor-Fishing av stabelen no.
– Mykje av transporten vi kan bestille er oppteken.
Lian kunne ikkje med sikkerheit seie kor mange det vart som vart ramma av situasjonen.
Lokaltogene på Trønderbanen blei snudd på Åsen og Skatval.
Svein Johnsen, Kari Gjønvik og Georg Romstad kom rett frå Tyrkia. Togproblema gav ein dårleg avslutning på ferien.
Foto: Vegard Woll / NRK– Lite informasjon
Svein Johnsen, Kari Gjønvik og Georg Romstad landa på Værnes etter å ha vore på ferie i Tyrkia.
Dei skulle ta toget heim, men når NRK treff dei har dei søkt ly for regnet på den lokale matbutikken.
Gjønvik fortalde at dei har stått der i nesten to timar. Kor lenge dei kunne bli ståande viste dei ikkje.
– Veit ikkje, det er ikkje noko informasjon å få heller.
Ho fortel at stemninga på butikken begynte å bli laber. Ho vart skuffa over kor lang tid togselskapet brukte på å skaffe ny transport.
– Dei burde skjerpe seg. Dei burde ha hatt ein buss eller noko i bakhand.
– Kjedeleg
Ein passasjerane som skulle ta toget frå Åsen, fortel at det ikkje er første gong ho har opplevd noko liknande.
– Det skjer jo ganske ofte ras på denne strekninga, seier Katarina.
– Mest av alt er det irriterande. Ein må alltids sjekke om toget faktisk går.
Katarina fortel at ho no har moglegheit til å køyre bil til arbeid.
– Situasjonen i dag er kjedeleg, men det ordnar seg. Det er verre dersom ein sit på toget og ikkje kjem seg noko veg.
SJ opplyser at det er vanskeleg å skaffe alternativ transport.
Foto: Vegard Woll / NRK