Hopp til innhold

Høg risiko for seksuell trakassering i bransjen: Likevel er det store manglar i rutinar

Over halvparten av bedriftene Arbeidstilsynet har sjekka i overnattings- og serveringsbransjen har brot i rutinane, eller ingen rutinar for å handtere seksuell trakassering.

Andrew Christoffer Anfinnsen, dagleg leiar på Lokal Bar i Trondheim

SEKSUELL TRAKASSERING: På Lokal Bar i Trondheim er handtering av seksuell trakassering ein del av opplæringa og stillingsinstruksen til dei tilsette.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Eg trur dei aller fleste har manglar i rutinane sine der, fordi det er eit stort og veldig vanskeleg tema.

Det seier dagleg leiar på Lokal Bar i Trondheim, Andrew Christoffer Anfinnsen.

Han snakkar om rutinar for å handtere seksuell trakassering.

For sjølv med rutinane på plass, er dei ikkje til nytte dersom dei ikkje snakkar om tema på arbeidsplassen, påpeiker han.

Utsett bransje

Dei siste fem åra har Arbeidstilsynet utført 833 tilsyn i overnatting- og serveringsbransjen.

I 55 prosent av tilfella fant dei brot i rutinane, eller ingen rutinar for handtering av seksuell trakassering.

Til trass for at bransjen jobbar målretta for å førebygge seksuell trakassering, er det ein lang veg å gå.

– I overnatting- og serveringsbransjen er det særdeles høg risiko for å bli utsett for seksuell trakassering.

Det seier direktør i Arbeidstilsynet, Trude Vollheim.

Trude Vollheim, direktør i Arbeidstilsynet

Direktør i Arbeidstilsynet, Trude Vollheim, påpeiker at loven krev at du skal ha tiltak på plass for å hindre trakassering. Men tiltak og rutinar er ikkje verd noko dersom det ikkje blir snakka om.

Foto: Morten Andersen / NRK

Og det er det fleire grunnar til, forklarar ho. Det er mange unge som jobbar der, mange unge kvinner og det er stor utskifting av arbeidskraft.

I mange bedrifter blir ikkje seksuell trakassering snakka om.

Og blir det ikkje snakka om, så veit ikkje dei tilsette kvar dei skal vende seg, kvar grensene går eller kva konsekvensar det får.

– Ein rutine er ikkje verd noko dersom den blir lagd i ein skuff og så blir den liggande der. Det er kjempeviktig at ein tek opp tema, påpeiker Vollheim.

Ein kontinuerleg prosess

På Lokal Bar i Trondheim er rutinar for å handtere seksuell trakassering eit tema dei heile tida har på agendaen.

Trakassering kan skje både mellom gjest og gjest, mellom gjest og tilsett og mellom tilsette.

– Det enklaste er jo kanskje å feie for eigen gard – at ein har det ryddig internt. Det skal i alle fall ikkje skje noko trakassering internt i bedrifta, seier dagleg leiar Andrew Christoffer Anfinnsen.

Andrew Christoffer Anfinnsen, dagleg leiar på Lokal Bar i Trondheim

Dagleg leiar på Lokal Bar i Trondheim, Andrew Christoffer Anfinnsen, påpeiker at utestader er meir enn ein plass for å drikke seg full. Det skal vere ein får litt frislepp frå kvardagen, men ikkje frislepp frå etikette og sosiale normer, seier han.

Foto: Morten Andersen / NRK

Det han ser på som utfordrande er å få gjestane til å føle seg trygge på utestaden.

– Nokon vil sikkert avfeie det og tenke: «Ja, ja, sånn er det. Eg er ute på bar og folk er full».

– Men det er ikkje sånn det skal vere, seier Anfinnsen.

Gjestane veit ofte ikkje at dei kan gje beskjed til bartenderane eller vaktene som er på jobb.

Episode for litt sidan

Hos Olivia Restauranter opplev dei også seksuell trakassering. Det er ofte verst i julebordsesongen, seier Kristin Arnkværn som er leiar for HR i bedrifta.

Kristin Arnkværn

Kristin Arnkværn i Olivia Restauranter fortel at det er ein del av opplæringa å lære korleis ein skal handtere det dersom ein sjølv eller andre blir utsett for seksuell trakassering.

Foto: privat

Trakasseringa kjem som regel i form av kommentarar eller berøring, ofte frå rusa kundar.

– Me hadde ei sak på ein av restaurantane våre for litt tid sidan. Då var det tre menn som sat ved eit bord, og ein av dei sa til ei av våre kvinnelege servitørar: «Me har begge lyst til å ligge med deg».

Saka blei varsla og leiargruppa hadde møte om episoden og råd om korleis det kan handterast.

Slik jobbar dei også på Lokal Bar, med jamlege møter for å snakke om korleis dei kan bli betre.

Kva er gode rutinar?

Ifølgje Arbeidstilsynet må tilsette få opplæring og saman med arbeidsgjevar må dei snakke om kvar grensene for seksuell trakassering til den enkelte går.

Og viktigast: Ta dei som seier ifrå om opplevd seksuell trakassering på det høgste alvor.

Ingen skal tøye tolegrensa for seksuell trakassering. Alle skal takast på det høgste alvor innanfor dette tema, legg Vollheim til.