Hopp til innhold

Liv stoppa opp for å hjelpe rusa mann: Vegra seg for å ringe etter ambulanse

Saman med søstera ville ho hjelpe, men dei vegra seg i frykt for at den rusa mannen ville bli tatt av politiet om dei ringde 1-1-3.

Liv Breivik.

TILBAKE: Liv Breivik på Bakklandet i Trondheim.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Sjølv om gradestokken viser null kan det følast ti grader kaldare når frostrøyken frå Nidelva legger seg over Trondheim. Det var ein slik kveld, i februar i fjor, ein ung mann passerer søstrene Liv og Ane Breivik på vegen heim over Bakklandet. Han hadde berre ei t-skjorte på overkroppen.

– Og sprang rundt og styrte, og la seg plutseleg ned midt i vegen. Det var mange som berre lo og gjekk forbi, seier Liv Breivik.

Ho og søstera stoppa opp. Så skjønte dei at mannen truleg var rusa på meir enn alkohol. Tvillingane såg på kvarandre. Ringde dei 113 frykta dei at også politiet kunne komme.

Dei vegra seg, men måtte ta eit val

Ane og Liv Breivik

Ane og Liv Breivik vegra seg for å ringe etter hjelp då dei møtte på ein sterkt rusa mann i Trondheim i fjor. Dette bildet er frå ein hyggjelegare anledning.

Foto: Privat

Vil ikkje straffe

Det handlar om rusreforma. Ane Breivik er nestleiar i Unge Venstre, som i årevis har kjempa for ein meir liberal ruspolitikk. For to veker sidan vart draumen deira delvis oppfylt då regjeringa foreslo å reformere den norske narkotikapolitikken.

Rusreformutvalet meiner at det å slutte å straffe folk som rusar seg vil kunne føre til at fleire oppsøkjer helsehjelp. To undersøkingar styrker denne påstanden. I den eine svarte 40 prosent at dei ville vegra seg for å tilkalle hjelp.

Senterpartiet er einige i at dette er eit problem, men meiner i motsetning til Høgre og Venstre at det berre er dei tyngste rusmisbrukarane som ikkje bør risikere straff frå politiet.

– Derfor har også vi foreslått at tungt rusavhengige skal bli møtt med helsehjelp og ikkje risikere å bli straffa, seier Kjersti Toppe. Ho er Sps helsepolitiske talsperson

Toppe meiner at det også er fullt mogleg å senke terskelen for å søke helsehjelp hos dei andre som rusar seg.

– For eksempel med å ha ein praksis der unge får oppfølging og alternativ til straff. Der lovbrotet ikkje vert registrert på rullebladet eller andre stadar, seier Toppe og viser til dagens ordning med ruskontrakt.

Kjersti Toppe

Helsepolitisk talsperson i Sp, Kjersti Toppe.

Foto: Ingrid Aarekol / NRK

Vakna med smerter i brystet

Per pleidde å vere ein av dei tungt rusavhengige som Toppe snakkar om. No fortel han om då han nesten vart ein av dei rundt 260 personane som døyr av overdosar i Noreg, kvart einaste år.

– Han ville dusje meg til live igjen med kaldt vatn i staden for å ringe etter hjelp, seier Per.

Han sette sprøyta saman med ei venninne og ein kompis av ho. Ei blanding av heroin og rohypnol kokt saman i ei skei, som dei injiserte i blodet. Det neste mannen hugsar er smerta i brystet. Han hadde tatt ein overdose.

Venninna som ringde etter ambulanse gjer at han framleis lever og kan fortelje om det.

NRK kallar mannen «Per» av omsyn til familien hans. Han er tidlegare rusmisbrukar, i trettiåra, og bur i Midt-Noreg. Dei siste åra har han fått kontroll på rusen og blitt familiemann.

Fleire av venene hans kom seg aldri ut av rusen. Hadde ikkje folka dei sette skota med vore redde for å ringe etter hjelp, kunne venene hans ha levd i dag, meiner han.

– Dei vart liggande igjen. Dei døydde aleine på golvet.

Melder som regel ikkje ifrå til politi

Ein av dei som har redda mange frå ein slik skjebne er Kjetil Karlsen.

Han jobbar i overdoseteamet til Trondheim kommune. Og kan fortelje at helsepersonell som jobbar med rus i byen har ein klar regel: Dei kontaktar berre politi om dei føler det er fare for vald.

– Ringer du 1-1-3 om ein rusrelatert situasjon i Trondheim rykker ikkje politiet ut saman med oss i helse, seier Kjetil Karlsen.

Han fortel at praksisen for når politiet vert kopla på i rusrelaterte oppdrag kan variere rundt om kring i landet, men at helsepersonell som regel ikkje har meldeplikt til politiet.

– Med unntak av om nokon døyr, seier Karlsen.

Kjetil Karlsen jobbar som sjukepleier i helse og overdoseteamet i Trondheim kommun

Kjetil Karlsen jobbar som sjukepleiar i helse og overdoseteamet i Trondheim kommune. Han seier dei sjeldan får følgje av politiet når dei rykker ut til overdosar.

Foto: Privat

Camilla Wright er ein av dei som hjelper unge med rusproblem for å hindre at det går så langt at dei kjem på førenamn med Karlsen og resten overdoseteamet i kommunen.

Ho leiar nemleg Uteseksjonen sitt arbeid blant ungdom i Trondheims gater.

– Dei yngste brukarane er ofte redde for at det å søke hjelp kan føre til ei bekymringsmelding til barnevernet, at politiet skal bli involvert eller at foreldra skal få vite om det, seier Camilla Wright.

Wright vil ikkje generalisere når ho snakkar om rusbrukarar sin terskel for å søke akutt helsehjelp ved narkobruk. Ho understrekar også at dei yngste brukarane oftare har behov for sosialfagleg hjelp.

– Men det er heilt klart at nokon vegrar seg for å søke hjelp, sidan dei er redde for det straffa kan medføre, legg ho til.

Kombinerer folk rus med eit «A4-liv» er dei ofte reddare enn dei som har mista det meste allereie, erfarer ho.

– Dei som klarer å leve eit ganske normalt liv ved sidan av rusen, risikerer ofte meir om dei vert tatt. For eksempel å miste jobben eller miste førarkortet, seier Wright.

Camilla Wright, leiar Uteseksjonen i Trondheim kommune.

Camilla Wright, leiar i Uteseksjonen i Trondheim kommune.

Foto: Privat

Les og: Politimeister får kritikk for feilinformering om rusreforma

Hjelp med bitter ettersmak

Tilbake til Bakklandet i februar i fjor.

Mannen i t-skjorta babla berre uforståelege ord. Om han ikkje var rusa på narkotika hadde dei ikkje nølt med å ringe etter ambulanse, fortel Liv Breivik.

Dei bestemte seg til slutt for å taste 1-1-3.

Kort tid etter ambulansen kom rullande over brusteinane, kom det ein politibil. Søstrene gjekk derifrå med ein bitter ettersmak.

– Eg er usikker på om vi faktisk hjelpte han, seier Liv Breivik i dag.