Hopp til innhold

Kolset får enkel sermoni

Berre familie og Forsvaret får delta når 30-åringen frå Steinkjer kjem til Noreg i morgon ettermiddag.

Trond Petter Kolset
Foto: Forsvaret

Båra til den norske offiseren Trond Petter Kolset kjem til Gardermoen tysdag ettermiddag. Forsvarets fellesoperative hovudkvarter på Jåttå, FOHK seier i dag at det kjem til å verte ein lukka seremoni. Berre familie og Forsvaret kjem til å delta.

Pressa får ikkje tilgong. Mediesenteret til forsvaret vil derimot gjere eit opptak.

Sjølvmordsbombar

Kolset vart drepen av ein sjølvmorsbomber under teneste i Afghanistan. Ein norsk kolonne var på eit rutinemessig transportoppdrag. Då dei vart angripne av ein sjølvmordsbombar ved Mazar-i-Sharif.

- Det vil verte haldt ein enkel båreseremoni. Den vil vere lukka for andre enn familie og representantar for forsvaret, opplyser FOHK.

Sorg i Steinkjer

Laurdag hang flagget på halv stong i heimbyen Steinkjer.

- Vi føler med familien i sorga. Eit slikt bodskap er tungt å bere for dei nærast, og gjer sjølvsagt djupt inntrykk på heime kommunen. Det gjer ekstra sterkt inntrykk når nokon døyr på ein slik måte, i teneste for landet, seier ordførar Bjørn Aril Gram (Sp). Han var sjølv til stades under ei minnestund i Steinkjer kyrkje dagen etter tragedia vart kjend.

Vikariat

Trond Petter Kolset vikarierte berre for ein kollega på permisjon då han vart drepen på fredag. Han hadde ein sambuar som tenestegjorde i det norske forsvaret i Afghanistan. Ho arbeidar med dei norske helikoptra som er i Maimane, som var dit Kolset var på veg då sjølvmordsbombaren slo til, i følgje Dagbladet.

Godt integrert

Kolset snakka fleire av dei lokale afghanske språka. Han var også etterretningekspert.