Hopp til innhold

Nå blir det lettare å felle jerv i nasjonalpark

Rovviltnemnda i Midt-Noreg har tatt ut Forollhogna nasjonalpark i Trøndelag og Hedmark frå verneområdet for jerv. Det trass i at Miljødirektoratet har uttala at eit slik vedtak er i strid med oppdraget regionen har fått frå Klima- og miljødepartementet.

Jerv

Det blir langt lettare å jakte jerv i nasjonalparken Forollhogna i den søraustlege delen av Trøndelag.

Foto: BBC

Den lokale rovviltnemnda vil at det skal blir mykje lettare å jakte jerv i nasjonalparken. Beitenæringa blir prioritert i vedtaket, seier leiar i rovviltnemnda, Gunnar Alstad, frå Senterpartiet.

Også landskapsvernområdet Øvre Sunndal i Møre og Romsdal får same behandling. Også her skal det bli lettare å skyte jerven, det er igjen beitenæringa som skal prioriterast.

Lang strid før vedtaket

Det har vore stor strid om saka lenge, for den nye forvaltningsplanen for rovvilt i Midt-Noreg har det vore arbeidd med i to år, så synspunkta til dei ulike interessene har vore godt kjende dei siste månadane.

Etter at det kom fram at nemnda ville gå denne vegen for å sikre beitenæringa i området betre tilhøve, har fleire reagert.

Både miljørørsla og dyrevernorganisasjonar, og til og med sørsamane har vore kritiske.

Leiar i Sør-Trøndelag Naturvernforbund, Magne Vågsland seier han ikkje liker det, dersom uttaket av jerv no blir meir omfattande.

Og etter dagens vedtak vil eg anta at det blir det, seier Vågsland.

Naturvernforbundet har følgd denne saka nøye, og har uttala seg om den heile vegen undervegs, legg han til.

Sørsamane har vore imot eit Forollhogna-vedtak, fordi dei meiner det einsidig vil vere bra for sauenæringa, men gå ut over reindriftssamane i områda utanfor nasjonalparken, ved at jerven blir jaga vekk frå nasjonalparken til andre område der det er sårbare reinstammar.

World Wildlife Fund, (WWF), har meint at vedtaket vil vere i strid med heile formålet med vernet i nasjonalparken.

Jerv flekker tenner

Jerven er eit rovdyr som gjer stor skade på ressursgrunnlaget for beitenæringa her i landet. Derfor ser mange at det blir lettare å jakte jerv der beitedyr skal sleppast på beite.

Foto: KNUT HOLMSETH

Rovviltnemnda trassa alle innvendingar

Spørsmålet var om nemnda våga å trosse innvendingane frå dei som er kritiske til eit slikt vedtak, når også Miljødirektoratet har uttala kva dei har uttala.

Men den lokale rovviltnemnda valde å stå på sitt. Det gjorde dei på møtet sitt på Røros i dag.

Nemnda skal likevel sjå vidare på om vedtaket får følgjer som gjer at det kjem til å gå ut over reindriftsnæringa sine interesser.

Sikrar beitenæringa si framtid

– Forollhogna er eit av dei beste beiteområda i heile Trøndelag. Det er eit område der vi har seksten beitelag som sender dyr på beite, og det er ein betydeleg beitekultur som må takast vare på.

– Dermed må vi ha eit verktøy som gjer at vi kan ta ut jerven i Forollhogna lettare, vi må ha ein lågare terskel for uttak enn det har vore i dag, seier

– Vi har mange interesser å ta omsyn til

– Vi har beiting i heile regionen vår, vi har tamreindrift i heile regionen vår, og vi er den regionen i landet vårt som har ansvar for flest rovdyr. I tillegg er vi grenseområde til Sverige, der vi har mykje innvandring, påpeiker rovdyrutvalsleiaren frå Sp til NRK, etter dagens vedtak.

Det er til saman mange omsyn å ta.

– Kva med jerven, blir det no nok vern for den?

– Det vil framleis vere nok plass for jerven i Trøndelag, meiner Alstad.

– Kan motstandarane av vedtaket anke denne avgjerda?

– Vedtaket kan ikkje klagast på. Det må vere dersom departementet på eige initiativ vel å overstyre rovviltnemnda.