Hopp til innhold

Ingrid vil bli bonde: – Uføreseieleg politikk er ei stor utfordring

I kveld utfordrar ho politikarane på den usikre framtida ho står overfor som bonde.

Ingrid Værdal og hunden

VIL DRIVE GARD: Ingrid Værdal ønsker å bli bonde og håper politikarane vil sikre at det blir ei trygg framtid.

Foto: Trond Odin Myhre Johansen / NRK

– Det er veldig viktig for meg at me har matproduksjon i heile landet og det vil eg vere med på å bidra til.

Det seier 25 år gamle Ingrid Værdal. Ho har to bachelorgrader, eit fagbrev og snart ei mastergrad innan landbruk og vil jobbe som bonde.

– Eg har lyst til å bli bonde fordi eg vil vere med på å produsere mat på dei norske premissane for matproduksjon.

Men det meiner 25-åringen betyr ei usikker framtid.

– Det er alt for kortsiktig kva ordningar og regelverk som kjem til å gjelde i framtida, forklarar 25-åringen.

Difor vil ho utfordre politikarane på nettopp dette, direkte på NRK1 i kveld.

Les også Blei utbrent av demenssjuk mor – no krev ho svar frå politikarane

Marianne Mørck Danielsen, prater om sin opplevelse sin opplevelse som pårørt av Demens

– Ungdommen må satse på næringa

Under debatten på Byscenen i Trondheim er alle politikarane einige om at norsk matproduksjon er viktig.

– Skal me ha norsk matproduksjon i framtida, treng me at ungdommen vil satse på næringa. Heldigvis begynner me å merke resultat av satsinga som Sp har stått i spissen for.

Det svarar Bjørn Arild Gram frå Senterpartiet.

– Det er bra, det har vi jobba for, men vi er jo ikkje i mål. Vi må sørge for at inntektsjamstillinga mellom jordbruket og andre yrkesgrupper blir reell.

Politikarane er likevel ikkje einige om korleis ein skal sikre næringa eller kva ordningar og regelverk som skal gjelde for bøndene i framtida.

Hva er unge velgere opptatt av – og hvilke løsninger kan politikere ha på utfordringene? NRK og Adresseavisen inviterer til spørsmål og svar fra Byscenen i Trondheim.

Kva er unge veljarar opptekne av – og kva løysingar kan politikarane ha på utfordringane? NRK og Adresseavisen inviterer til spørsmål og svar frå Byscenen i Trondheim.

Lill Harriet Sandaune i Framstegspartiet seier dei vil fjerne politiske reguleringar i jordbruket.

I sitt alternative statsbudsjett for 2025 reduserte Frp direkte tilskot til bøndene.

– Me vil jo erstatte dei politiske reguleringane og avgrensingane med næringsfridom for bøndene. Me vil ha meir produksjon av mat og næringsfridom, ikkje mindre, seier Sandaune i Frp.

Les også Ny måling: – Det er ingen tvil om at det er jevnt

Maren Grøthe (Sp) Byscenen. NRK valg 25

Lars Haltbrekken frå Sosialistisk Venstreparti seier dei vil sikre gode velferdsordningar til bøndene.

– Me må løfte inntektene til bonden. Og er nøydd til å sørge for gode velferdsordningar, sånn at det kan vere bønder med helsa i behald, seier Haltbrekken.

Ingrid Værdal seier ho framleis vil bli bonde, sjølv om ho ikkje er fornøgd med svara frå politikarane.

– Ein blir jo veldig betenkt når ein høyrer at dei vil fjerne tollordningane me har i dag. Fjerne investeringsstøtte og tilskot og generelt drive ein politikk som gjer at distrikts-Noreg kjem dårleg ut.

Les også Har sprengt unna jernbanelinja i skredområdet

Jernbanelinje sprengt ved rasstedet i Levanger

Betyr å ta opp milliongjeld

Det er ikkje berre Ingrid Værdal i Trøndelag som vil bli bonde og bidra til norsk matberedskap.

Det vil også 25 år gamle Josefine Bakke.

– Eg har både lyst, kompetanse og arbeidsvilje, men eg må vite at nokon trur på meg og at dette er økonomisk berekraftig. Ikkje berre i dag, men også om 10, 20 og 30 år.

Ung bonde er inne hos grisene sine

Josefine Bakke trivst som grisebonde.

Foto: Siw Mariann Strømbeck / NRK

Ho er i ferd med å ta over familiegarden heime i Halden. På garden driv dei med korn og gris.

Førebels har ho tatt over svineproduksjonen.

Den dagen ho tar over heile garden betyr det også å ta opp ei milliongjeld.

Josefine meiner tryggleik blir viktig for at enno fleire skal velje bondeyrket.

– Det kostar å ta over eller kjøpe ein gard. Då treng me trygge, økonomiske rammer. Me kan ikkje gå rundt og vere redde for eit regjeringsskifte som plutseleg endrar rammevilkåra våre. Milliongjelda me sit med, forsvinn ikkje over natta.

  • En liten gris koser seg med fersk halm
    Foto: Siw Mariann Strømbeck / NRK
  • Ung bonde kjører høyball på liten traktor
    Foto: Ingrid M Langvik / NRK
  • Ung bonde er inne i bingen sammen med grisene sine
    Foto: Ingrid M Langvik / NRK
  • Ung bonde kjører traktor
    Foto: Ingrid M Langvik / NRK
  • En liten gris i grisebingen
    Foto: Siw Mariann Strømbeck / NRK

Meiner norsk matberedskap er trua

I 2024 var det om lag 36.790 aktive gardsbruk her i Noreg. Men det blir stadig færre, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Dei meiner at heile verdikjeda frå jord til bord slit.

– Medlemsbedriftene våre, som er mesteparten av norsk matindustri, fortel at det er vanskeleg å få tak i kvalifisert arbeidskraft, seier Petter Haas Brubakk, administrerande direktør i NHO Mat og Drikke.

Han representerer bedrifter i den norske

Trass i at delen bønder under 40 år skal ha auka dei siste åra, slit yrket med rekrutteringa ifølge NHO.

Han kallar det eit generasjonsskifte. Varsellampane har allereie lyst ei stund.

– Unge arbeidstakarar med matfagutdanning er også i denne delen av matproduksjonen ein stor mangel, og situasjonen begynner å bli kritisk – eit generasjonsskifte nærmar seg, men det er altfor få unge til å ta over etter dei som går av med pensjon, seier Brubakk.

Han meiner det viktigaste politikarane kan gjere nå er å skape tryggleik i ei usikker verd.

– Å skape stabilitet her heime er kanskje noko av det viktigaste politikarane våre kan gjere når dei urformer rammevilkåra. Utan investeringar vil industri og jordbruk forvitre. Det igjen vil true matberedskapen vår.

– Me klarer ikkje å snu trenden

Sjølv har Værdal vore med på gardsdrift heime heilt sidan ho var liten.

– Det har lært meg mykje om dyrehald, ansvar, meistring og ikkje minst gleda av å jobbe med dyr.

Ho er likevel redd for at stadig fleire unge vel bort ei framtid som bonde.

Les også Makulerer stemmesetel inne i stemmelokalet: – Blir for dumt

HenrikLieViken makulerer stemmeseddel
Lagt opp av n654123 (Henning Levold)
Se i Potion:https://potion.felles.ds.nrk.no/program/eb18cad6-55e9-439f-98ca-d655e9f39f49

Eg er jo bekymra for rekrutteringa. Eg er jo ung og vil inn i næringa og kjenner mange i same situasjon.

25-åringen fryktar fleire nedleggingar dersom politikarane ikkje legg betre til rette for den norske bonden.

– Då kjem me til å sjå at store anlegg som allereie er godt i gang, bli nedlagde. Me klarar ikkje å snu den trenden, seier ho.

Les også Har startet eget firma: – Nå kan jeg drikke vin til lunsj

Miriam Linnea Roelland står og kikker på en hylle med vinflasker

– Uføreseieleg politikk er ei stor utfordring

Den komande gardbrukaren peiker på fleire faktorar som gjer det utfordrande å drive gard i Noreg i framtida.

– Det er jo blant anna mange krav som kjem i framtida, både til mjølkeproduksjon og dyrehald.

I tillegg peiker ho på klimaendringar, kostnadsauke og rekruttering som utfordringar i næringa.

– Og uføreseieleg politikk er ei stor utfordring, legg ho til.

Ingrid (25) vil bli bonde. Hvordan vil politikerne sikre henne den framtida? Nils Kristen Sandtrøen (Ap) svarer.

Ingrid (25) vil bli bonde. Korleis vil politikarane sikre henne den framtida? Nils Kristen Sandtrøen (Ap) svarer.

Difor vil ho at politikarane skal sikre at unge som vil drive gard har ein reell kjangs til å lukkast i framtida, uansett kvar i Noreg ein bur.

Det skulle ha vore gode støtteordningar som er med og hjelper til i dei omleggingsprosessane som kjem.

Josefine Bakke i Halden har tru på framtida som bonde, trass i økonomisk press og usikkerheit. Ho håpar og trur at politikarane no skjønar alvoret.

– Mat er livsviktig. Me treng det no og i framtida. Så eigentleg burde ein ta godt vare på bøndene.

Les også Her nektar lokallaget å drive valkamp for Giske

Tydal

Fleire unge skal utfordre politikarane

I tillegg til Ingrid Værdal, skal fleire unge veljarar utfordre politikarane på saker dei er opptatte av.

På Byscenen i Trondheim skal listetoppane frå Trøndelag møtast til debatt om unge si framtid.

Tema som vil bli tatt opp er mellom anna kollektivtransport, legalisering av cannabis og EU-medlemskap.

Jonas Ali Ghanizadeh (MDG) vil at Trondheim skal bli prøvekanin for kjøp og sal av cannabis. Dette er Maren Grøthe (Sp) totalt ueinig i.