Sonen varsla sjølv om det som hadde skjedd i heimen hans 9. september der den 60 år gamle mora hans vart funnen død. Han nekta straffskuld og forklarte at han handla i naudverje fordi det var mora som angreip han.
Han har sete i varetekt i fire veker.
For ei veke sidan utvida politiet siktinga til forsettleg drap. Politiet meiner sikta må sitte i varetekt i åtte veker, i praksis til rettssaka i februar.
I fengslingsmøtet torsdag kom det fram nye opplysningar om det som skal ha skjedd 9 september.
Domaren oppheva referatforbodet som betyr at pressa kan skrive det sikta forklarte.
Basketak ved trappa
Sonen fortalde at han hadde barrikadert ei av dørene i huset, men at han også hadde sove andre stader den siste tida. Årsaka skal vere at mora kom på stadige besøk som sonen opplevde trugande.
Den aktuelle ettermiddagen låste mora seg inn og kom opp trappa der sonen var. Ifølgje han var ho svært aggressiv, klorte han i andletet og angreip han.
Forsvarer Torfinn Svanem viste i retten til avhøyrsdokument som antydar at sikta og mora hamna i trappa og at mora så kom opp igjen. Då skal sonen ha dytta henne unna igjen.
Politiet har tidlegare opplyst at mora døydde som følgje av stump vald.
Av kjennelsen torsdag ettermiddag går det fram at sikta brukte begge beina for å ramme mora;
Det er ikke holdepunkter for at hun (mora red.anm) var i ferd med å forberede et angrep eller var i ferd med å angripe da siktede hoppet på henne. Handlingene skjedde mens hun var opptatt med å komme seg opp fra gulvet, første etter å ha falt ned trappa og deretter etter at siktede hadde hoppet på henne første gang.
Ut fra opplysningene i saken, er det meget sterk sannsynlighet for at siktede ikke handlet i nødverge.
Skjerpa konflikt det siste året
Sikta snakka både med advokatar og andre om konflikten med mora. Ho skal ha teke bankkortet til far sin, som også budde i huset saman med sikta. Sonen opplevde dette som ulovleg og konfronterte henne ved fleire høve. Mora på si side meinte sonen freista å tvinge morfaren til å gje han pengar. Vitne som kjende mora har stadfesta dette i avhøyr.
Sikta fortalde i fengslingsmøtet torsdag at han var redd for mora.
– Eg har gjort alt det eg har kunne i over eit år for å få ei fredeleg løysing på dette.
Han hadde fleire samtaler med krisesenteret og ønskte å kome dit. Men fekk beskjed om at det ikkje var ledige overnattingsplassar for menn. Han overnatta delvis hos andre, men hadde drege heim igjen like før det fatale skjedde.
– Eg var dum nok til å sove der i to netter før mor kom og angreip meg, sa sikta i Sør-Trøndelag tingrett torsdag.
Han viste til vener og naboar som hadde sagt til han at det sikkert gjekk bra å flytte heim igjen.
Sikta fortalde om fleire episodar, heilt frå barndomen, om det han hevda var ei svært aggressiv mor som gjorde han utrygg og redd.
I fengselet har han mareritt om at mora kjem og bankar hardt på døra hans, for så låse seg inn. Når han vaknar er det fengselsbetjentane som står på cella, fortalde han i retten.
Vitne kan aldri hugse å ha sett sikta sint
Forsvarer Svanem refererte i retten frå fleire vitne som kjenner tiltalte. Ingen av dei forsvararen viste til ved namn kan hugse å ha sett sikta sint, ifølgje forsvararen.Det galdt også morfaren som skriftleg via bistandsadvokaten formidla til retten at sikta er uskuldig og at han må lauslatast.
Forsvarer meiner grunnlaget for framleis varetekt ikkje er til stades fordi mistanken om drap ikkje er styrka gjennom etterforskinga slik vilkåret er for å fengsle ein sikta. Svanem viste til paragraf 172 i Straffeprosesslova der det også står:
Ved vurderingen skal det særlig legges vekt på om det er egnet til å støte allmennhetens rettsfølelse eller skape utrygghet dersom den mistenkte er på frifot.
Verken pårørande, vener eller naboar vil kjenne seg støytt om sikta blir lauslaten med dei skussmåla han får, meinte forsvararen.
Fire veker i varetekt
Aktor, politiadvokat Line Novstad Klungreseth, tok ikkje ordet til merknadene frå forsvarer. Men aktor heldt fast på kravet om åtte vekers varetektsfengsling. Retten meiner fengsling til 5.november er nok førebels, men har vore i ei viss tvil om fengslingsvilkåra er oppfylt.
Om omsynet til den ålmenne rettskjensla om sikta blir sett fri, skriv domaren mellom anna:
En løslatelse på dette stadium vil framstå støtende ut fra sakens alvor. Handlingenes karakter og den kraften som har vært anvendt, gjør også at en løslatelse på dette stadiet vil være egnet til å støte den allmenne rettsfølelsen.
NRK har vore i kontakt med krisesenteret i Trondheim som opplyser at dei har overnattingsplassar også for menn. Kva som eventuelt har skjedd i denne konkrete saka, kan ikkje senteret opplyse om på grunn av teieplikta.