Hopp til innhold

Dømd til 15 års fengsel for å ha drepe May Irene med gift. Anka på staden

Tiltalte har endra forklaring mange gonger under saka. Men han har heile tida halde fast ved at han ikkje har drepe kona si ved å gje henne ein overdose morfin.

May Irene Eliassen fra Ørland døde etter forgiftning

DØD: May Irene Eliassen hadde ei overdose med morfin i kroppen

Foto: Privat

Domen vart forkynt for tiltalte i Trøndelag tingrett måndag føremiddag.

Ein samrøystes rett dømer tiltalte til 15 års fengsel for drap og drapsforsøk.

Retten meiner tiltalte forgifta kona med morfin og forsøkte å forgifte henne mot hennar vilje, opplyste tingrettsdomar Eirik Lereim under gjennomgangen av domen.

May Irene Eliassen (73) døydde 29. juni i Ørland kommune. I kroppen hennar vart det funne ei stor overdose med morfin.

Støtta seg til vitnemål frå son

Retten meiner det er fleire moment som taler for at May Iren Eliassen ikkje ønska å døy, og at ho derfor ikkje tok tablettane sjølv:

  • Då kvinna låg på sjukehuset i februar og det vart oppdaga morfin i kroppen hennar, sa ho til sonen at ho ikkje hadde tatt tablettane.
  • Tiltalte fortalde til dei han ville kjøpe morfinen frå at stoffet var til ein kamerat som ønska å døy.
  • Då tiltalte vart pågripen undra han seg over kva som hadde skjedd med kona og nekta for at han kjende til morfinen.
  • Eit vitne sa i retten at tiltalte hadde sagt at han meinte sønene til avdøde kunne ha gitt henne morfinen.

Les også Lydopptak om morfin:– Æ har itj tatt nå, æ har itj tatt nå

En person holder sine hender sammen. vedkommende sitter og er iført blå jeans og en grønn genser

Mister arveretten

Retten har ikkje funne noko motiv for kvifor tiltalte drap kona.

Domar Lereim seier dette ikkje var eit overlagt drap, men at tiltalte kan ha gjort dette av medkjensle for kona som hadde fått diagnosen.

Men dette er ikkje snakk om eit barmhjertigheitsdrap, påpeika Lereim.

Retten meiner tiltalte starta å planlegge forgiftinga i byrjinga av januar 2023, då kona reiste på rehabilitering.

– May Irene var ikkje nær ved å døy, sa domar Lereim.

Han viste til sakkunnige som meinte at fornærma kunne ha levd i mellom fem og ti år til med sjukdomen.

Tiltalte er også frådømd retten til å arve kona.

Tiltalte: – Ville ikkje vete når kona tok tablettane

200 mg Dolcontin tablett. Morfin.

Tiltalte har forklart at han ved to høve kjøpte morfintablettar av denne typen i rusmiljøet i Trondheim.

Foto: Politiet

Han har erklært seg skuldig i å ha medverka til sjølvdrap ved å ha kjøpt tablettane.

Men han nektar for å ha drepe henne. Han har forklart at det var kona som ønska å døy etter å ha fått diagnosen Parkinson pluss i 2022.

Han kjøpte tablettane etter avtale med kona og gav dei til henne.

– Eg sa til henne at eg ikkje ville vete når ho tok tablettane, sa han i rettssaka.

Tiltalte sa ingenting om at kona hadde vore innlagd med morfinforgifting i februar då han ringde AMK like før klokka 22 den 29. juni.

I februar overlevde ho, men låg på sjukehuset i fleire dagar før ho fekk kome heim igjen.

Derfor vart mannen også tiltalt for drapsforsøk.

Les også Påstand om 17 års fengsel i giftsaka: – Venta til han var sikker på at ho var død

May Irene Eliassen fra Ørland døde etter forgiftning

Anka på staden

Retten dømer tiltalte (68) til 15 års fengsel, to år mindre enn påstanden frå aktor.

– Tiltalte var jo budd på det verste, men å førebu seg på noko slikt kan jo ingen. Det seier forsvarer Kristina Jørgensen til NRK etter at domen er forkynt.

Tiltalte meiner han ikkje har drepe kona og anka domen på staden.

Dermed ligg det an til ein ny runde i Frostating lagmannsrett.

Det finst ikkje noko bevis for at det var tiltalte som forgifta kona og ikkje ho sjølv som tok tablettane.

Politiadvokat Ole Andreas Aftret i samtale med bistandsadvokat Vibeke Meland. De kikker på en datamaskin. Til vestre i bildet ser vi også førstestatsadvokat Unni Sandøy. En mann er tiltalt for å ha forgiftet sin kone med morfin i Ørland kommune

Politiadvokat Ole Andreas Aftret under rettssaka. Til venstre aktor Unni Sandøy, til høgre bistandsadvokat for sønene til avdøde, Vibeke Meland.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Derfor har det vore ført mange vitne som har fortalt om sitt inntrykk av både tiltalte og kona hans.

Påtalemakta har presentert ein rekke indisier som dei meiner underbyggjer drapsteorien.

– Det har vore utfordrande både i etterforskninga og her i retten.

– Vi måtte få fram heile biletet og samanlikne dei ulike bevisa, seier aktor, førstestatsadvoktat Unni Sandøy, til NRK måndag.

Dei to sønene til avdøde var også til stades i rettsmøtet måndag då domen vart kjend.

–Dei er veldig letta over domen. Saka har vore ekstremt belastande for dei, seier bistandsadvokat Vibeke Meland.

Sønene har heile tida meint at mora deira ikkje ønska å døy og at det var snakk om eit drap.