Hopp til innhold

Slik blir ski-VM i Trondheim 2025

Skipresidenten kallar programmet det mest spennande og innhaldsrike nokosinne.

VM-sjef for Trondheim 2025 Åge Skinstad og Kristin Mürer Stemland presenterer VM iunder VM på ski i Planica

FORNØGD: Sportssjef Kristin Mürer Stemland seier VM-programmet er spennande og krevjande for utøvarane.

Foto: erje Pedersen / NTB

Onsdag vedtok Det internasjonale Skiforbundet (FIS) programmet for ski-VM i Trondheim 2025.

Det inneheld ei ny øving i kombinert for kvinner og ein paraøving i sprint langrenn.

– Mange har jobba målretta i lang tid for å få desse nye øvingane i VM i Trondheim. Dette bidreg til at meisterskapen blir det mest innhaldsrike og spennande nokon gong i VM, seier skipresident, Tove Moe Dyrhaug, i ei pressemelding.

Illustrasjon av hoppanlegget i Granåsen og hvordan det vil se ut i 2025.

Illustrasjon av korleis det nye hoppanlegget i Granåsen i Trondheim vil sjå ut under VM i 2025.

Foto: TRONDHEIM 2025

Same distansar for kvinner og menn

styremøtet i Zürich bestemde FIS at distansane skal vere dei same for kvinner og menn også i verdsmeisterskap.

Det betyr at VM-distansane i langrenn blir som følgjer:

  • 10 kilometer, 20 kilometer og 50 kilometer
  • fellesstart med skibyte 10 + 10 kilometer
  • stafettar over 4 x 7,5 kilometer, sprint og lagsprint

– Viktige steg i inkludering og likestilling

Sportssjef Kristin Mürer Stemland seier ho er strålande fornøgd med at dei har fått gjennomslag for alle ønska sine for programmet.

– Det blir eit svært innhaldsrikt program, som vil by publikum på mange fantastiske idrettsaugneblinkar. Det blir også eit krevjande og spennande program for utøvarane, seier ho.

– Når vi i tillegg får inn para i programmet og like premiepengar for kvinner og menn, tek vi viktige steg både når det gjeld inkludering og likestilling.

Les også Skinstad på plass som VM-sjef: – Jeg føler ikke at jeg har dårlig tid

Fersk sjef for Ski-VM, Åge Skinstad, er på plass i Granåsen.