Hopp til innhold

- Den eine var verdt heile turen

Det kom langt færre leonidar enn først varsla på novemberhimmelen, men dei som kom var flotte, syns dei frammøtte i Trondheim.

Birger Andresen

Birger Andresen kikker på stjernehimmelen frå solsenga si.

Foto: MMS-foto / NRK

På eit jorde ved Dragvoll i Trondheim hadde ein gjeng entusiastar samla seg for å kikke på meteorstormen som var varsla.

– Eg er stornøgd fordi eg har sett fire veldig fine leonidar. Utover det har det vore lite, men vi har hatt det hyggeleg, seier Birger Andresen, som er leiar i Trondheim astronomiske forening, til NRK klokka 2330 tirsdag kveld.

På plass i soveposen

Han tok plass i soveposen i god tid før klokka 2200. Klimakset var venta mellom klokka 2245 og klokka 2300.

– Trikset er å krype ned i soveposen på ei campingseng, dette har eg gjort før og er god og varm, seier Andresen.

Dei fire leonidane kom med jamne mellomrom mellom klokka 2200 og 2300.

– Leonidane var mykje klarare enn dei klaraste stjernene. Dei hadde lange og klare røykspor, forklarar Andresen.

Han legg til at han har stirra intenst på stjernehimmlen og knapt turt å blunke i frykt for å miste nokon.

Artikkelen held fram under bildet.

Meteorsvermen Leonidene

Metorsvermen Leonidene frå tidlegare år.

Foto: Arne Danielsen / NRK

Vakkert syn

I løpet av kvelden møtte fleire opp på jordet ved Dragvoll.

– Eg har vore her i eit kvarter og fekk med meg den siste leoniden. Den var oransje og hadde ei stripe bak, seier Erlend som var ein av dei som kikka på stjernehimmlen saman med Trondheim astronimske forening.

Leiaren for Trondheim astronomiske forening karakteriserar den vakraste leoniden slik.

– Det var ein veldig rask metoritt som lyste godt opp. Den var fire-fem gonger sterkare enn dei sterkaste stjernene og den gjekk over halve himmelen med ein lysande hale etter seg, seier Birger Andresen.

Meir himmelgøy

Allereie om ein knapp månad kan du oppleve fleire meteorar på himmelen. Denne gongen er det større sjanse for at også du ser noko.

– Natta mellom 13. og 14. desember kjem det ein annan sverm som er veldig stabil. Då vil du sjå noko heile natta frå klokka 2200 til det gryr, forklarar Andresen.

Ifølgje NRK-bloggen til astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard er dette bakgrunnen for ein meteorstorm.

Kometer tilbringer det aller meste av tiden svært langt fra Solen og i intens kulde. Når kometene en gang i blant kommer innover mot det indre av Solsystemet forårsaker solvarmen at is og frosne gasser på kometkjernen fordamper, blåser ut i rommet og danner kometens hale. Partiklene i halen danner et bånd som går rundt Solen langs kometens langstrakte bane. Dersom Jorden passerer gjennom et av disse, vil mange partikler komme inn i atmosfæren og brenne opp. Sett fra bakken får vi en meteorsverm, eller en meteorstorm dersom minst 1000 meteorer opptrer på en time. Svermen som kommer 17. november er årviss og kalles Leonidene.

Frå Knut Jørgen Røed Ødegaards NRK-blogg