Hopp til innhold

Nesten 100.000 pukkellaks fanga: – Jobbar for fullt

Så langt i år har over 94.000 av den uønskte arten vorte fanga.

Den framande arten truar naturen og andre naturlege fiskeartar.

– Derfor er det fint å sjå at så mange pukkellaksar blir stoppa.

Det seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ei pressemelding.

– Tanaelva er ei av dei viktigaste lakseelvane i verda, og det er derfor avgjerande at den atlantiske villaksen slepp forbi. Både fagfolk og frivillige gjer ein kjempeinnsats, og dei held fram det gode arbeidet i august.

Les også Her svømmer pukkellaksen i Akerselva

Pukkellaks på OFAs undervannskamera i Akerselva

Målet er å bevare den atlantiske laksen

– No blir det for fullt jobba i elvane for å bevare den atlantiske laksen.

Det seier fungerande miljødirektør Tone Lise Alstad Eid.

– Måndag denne veka såg vi ein markant auke i talet på fanga pukkellaksar med 9.609, og den førebelse toppen så langt kom tysdag med 11.563 pukkellaksar fanga.

en pukkellaks

Pukkellaksen kan utgjere ein trussel mot atlanterhavslaksen ved å konkurrera om ressursar og kanskje også overføra sjukdommar.

Foto: Tove Jensen / NRK

Sett opp mot tala frå 2023 er denne auken forventa, ifølge miljødirektøren.

– Det er ei glede å sjå at 950 atlantiske laksar vart sleppte opp berre i Tanaelva denne veka. For å bevare den atlantiske laksen må pukkellaksen nedkjempast i elvane og samtidig er det viktig å sørgje for at den atlantiske laksen og andre lokale artar kjem seg forbi fella.

Les også Treg start – men nå kan pukkellaksen komme for fullt

Sondre Mølmann på jobb som pukkellaks-røkter i Repparfjordelva

24.850 pukkellaksar er tekne ut i Tanaelva så langt i år.

Veterinærinstituttet driftar fella i Tanaelva på oppdrag frå Miljødirektoratet, og får hjelp av Norsk institutt for naturforsking (NINA), Mohn Technology og det finske naturressursinstituttet, Luke.

Saman driv dei ei omfattande overvaking av villaksen i området ovanfor og nedanfor fella ved Seida i Tana.

Overvakinga gir viktig informasjon for å vurdere behov for ekstra tiltak for å sleppe forbi villaks, som står nedanfor fella.

Følg fangsten frå dag til dag 

Det er hovudsakleg ved bruk av fiskefeller at dei totalt 94.475 pukkellaksane har blitt fanga i elvane.

Mesteparten av pukkellaksen blir fanga i Finnmark.

Statsforvaltaren i Troms og Finnmark oppdaterer jamleg nettsida si med nyheiter om pukkellaksfangsten i omtrent 60 andre elvar som dei har ansvaret for. 

Ved førre pukkellaksinvasjon i 2023 registrerte NINA nesten 580.000 pukkellaksar i norske elvar og kystområde.

Av desse kom 97 prosent til Finnmark.

Rundt 250 000 pukkellaksar vart fanga i 2023. NINA gjennomførte desse berekningane i 2023 på oppdrag frå Miljødirektoratet, og vil gjere det same i etterkant av pukkellakssesongen i år.

Les også Her er den uønskede arten i norske fjorder: – Masse laks!

Stim med pukkellaks fotografert med drone, ovenifra

Les også Fekk 2000 laksar i eitt notkast: – Det var litt krefter

Notfiske i Vesterelva i Nesseby kommune. På et kast fikk fiskerne 2000 pukkellaks.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark

Portrett av student som står inne på et universitet

Amanda Balteskard vil bruke mer tid på venner og mindre på Instagram

et par menn som jobber med en bilmotor

Vernepliktig: – Jeg er en del av noe mye større

Mari Boine som ser inn i kamera

Et nytt kapittel for samisk kunst: – Dette har vært min drøm

To menn i vinterklær bærer pakker og går inn i vinterlandskap

Skulle krysse fjellet med sekken full av dop: – Vi gadd ikke

en mann med briller foran en bygning

Helse Nord-topp går tilbake til vikarlønn