SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Folk i Vrådal er redde etter skotdramaet natt til i går der to ungdommar frå ein behandlingsheim i bygda var involvert.
Dei to er knytta til barnevernsinstitusjonen Team Åmli som er eit tilbod til barn og ungdom frå 11 år og oppover.
Ungdom blei skoten i venstre arm
Dette er ungdom med problem, og nå krev folk i Vrådal at Team Åmli fortel kva slags behandlingsheim dei driv i bygda.
I går til morgon blei ein 17 år gamal gut skoten i venstre arm av politiet etter å ha truga politiet med eit haglegevær i Seljord.
Då hadde han og ei 16 år gamal jente avfyrt fleire skot med haglegevær på Løyne camping i Vrådal.
Der truga dei til seg ein bil av ein familie, og kjørte forbi ei politisperring i Brunkeberg før dei blei stoppa i Seljord.
Straand hotell i Vrådal. Direktør Johan Straand er uroa etter skytedramaet igår.
I bilen fann politiet ei dobbeltløpa og ei enkeltløpa hagle.
Folk i Vrådal er urolege
Etter denne episoden er folk i Vrådal fulle av spørsmål rundt barnevernsinstitusjonen Team Åmli.
Etter to dramatiske hendingar i sommar, ei alvorleg bilulykke og nå skuddramaet i helga, der klientar frå Team Åmli har vore involvert, har folk blitt urolege.
Svein Strømsnes som driv forretning i Vrådal etterlyser informasjon.
- Vi veit lite om kva Team Åmli er for noko. Og vi lurar på om dette er oppbevaring eller behandling, seier Strømnes.
Han etterlyser informasjon om kva slag behandlingsformer Team Åmli driv i Vrådal.
Hotellet lurar på tryggleiken
Direktør for hotella i Vrådal, Johan Straand, seier at det som skjer rundt institusjonen Team Åmli, gjer at folk blir redde.
- Her på hotellet har vi ansvaret for mange menneske, og det er klart vi lurar på om tryggleiken rundt dette behandlingsopplegget er god nok, seier Straand.
Han har sjølv blitt truga på livet med våpen, og hendinga i går gjer at minna om dette blir vekt til live igjen.
Leiinga ved Team Åmli vil ikkje kommentere saka ovanfor NRK.
Folk i Vrådal er redde etter skotdramaet ved Løyne camping i Vrådal i Kviteseid kommune. Foto: Børre Karterudseter