Hopp til innhold

Lokala etter konkursen i REC og SIC står framleis tomme eitt år etter

Lokala som blei forlatne av REC og SIC i Porsgrunn, står framleis tomme. I dag er det eitt år sidan dei tilsette fikk beskjed om nedlegginga.

REC på Herøya i Porsgrunn

REC gjekk konkurs for eitt år sidan. Konkursbuet førebur sal av lokala på Herøya i Porsgrunn.

Foto: NRK

Det er så langt ikkje skapt ein einaste ny industriarbeidsplass i lokala som i fjor blei forlatne av REC og SIC i Porsgrunn.

Kontora og produksjonslokala er nye og moderne. Og fleire har vist interesse for bygningane.

I dag er det eitt år sidan REC vedtok å legge ned den største industriarbeidsplassen i Telemark, på Herøya i Porsgrunn.

(Artikkelen held fram under bilete)

SIC på Herøya

Hærøya Næringspark vil leige ut lokala til SIC på Herøya.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Meir enn 800 tilsette mista jobben, mens eigarselskapet i Norge seinare blei slått konkurs. Derfor er det konkursbuet som avgjer - kva som skal skje med produksjonslokala til REC.

Førebur salsprosess

Advokat Thomas Piro førebur nå ein salsprosess.

– Konkursbuet etter REC har vist seg å vere veldig samansett. Vi arbeider nå med å selje produksjonsutstyr, og legge til rette for sal av eigedomen på Herøya, seier Piro.

Og det har vore interess for REC-lokala.

– Vi er blitt kontakta av interesserte og har førespurt aktørar vi trur kan vere interessert i å overta. Og vi håpar å få selt eigedomane om eit par månader, seier Piro.

Vil leige ut SIC-lokale

Da REC blei nedlagt, skjedde det same med SIC. Også der står dei store produksjonslokala tomme.

Herøya Næringspark ønskjer å leie dei ut, nyleg blei lokala lagt ut på marknaden.

– Vi har kontakta ganske mange firma, og har eit titals firma som er interessert og som vurderer om lokala passar for dei, seier dagleg leier i Herøya Næringspark, Oddvar Holmer.

Han legg til at slike etableringar som regel tar noko tid, ofte frå eit halvt år til eitt år.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark