NRK Meny
  • Miljøkrav for nye statsrådar

    Miljøstiftinga ZERO meiner at næringsminister Torbjørn Røe Isaksen bør sjå at ein konkurransedyktig industri i framtida vil vera utan utslepp. Og Bellona forventar at miljøminister Ola Elvestuen held fram med den norske satsinga på CO₂-fangst.

    Torbjørn Røe Isaksen
    Foto: Arild Sandsvik / NRK
  • Blir statssekretær for Listhaug

    Statssekretær Knut Morten Johansen frå Skien er gjeven avskjed i nåde som statssekretær for statsråd Ketil Solvik-Olsen. Han har blitt utnemnt på nytt til statssekretær for Sylvi Listhaug i Justis- og beredskapsdepartementet.

  • Feirar Elvestuen

    Ordførar Robin Kåss (Ap) og fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap) feirar i dag at Ola Elvestuen (V) blir ny klima- og miljøminister. Årsaka er at Elvestuen ikkje vil legge eit deponi for farleg avfall til Brevik så lenge det er andre som ynskjer eit slikt deponi.

    Ola Elvestuen
    Foto: Olav Juven / NRK