Hopp til innhold

På jakt etter julestemning

Alle barn gler seg til julaftan, og ekstra spennande blir det å stå opp når det ligg eit par julestrømper klare på kjøkkenbordet.

Jul hos Gravir Klykken

Telemarksendingas Lars Hansen besøkte Anne Gravir Klykken og sonen Torjus tidleg om morgonen på julaftan.

Foto: Lars Hansen / NRK

Telemarksendinga jakta på julestemning i morgonsendinga tidleg på julemorgonen. Reporter Lars Hansen kjørte frå Skien oppover mot flyplassen og inn på ein grusveg til han trudde han hadde kjørt feil.

Men så dukka det opp eit par gardar med snø på hustaka. Og der inne på kjøkkenet med lafta vegger møtte han Anne Gravir Klykken.

– Eg har eit gamalt hus. Så det er ikkje så mykje som skal til, eit par stearinlys så kjem julestemninga, seier Gravir Klykken.

Ho har vakse opp på staden, og flytta tilbake til garden for om lag 15 år sidan.

– Det er ein herleg stad å bu. Eg kan bu nærme byen, og likevel vere heilt for meg sjølv. Her bur eg saman med tre gutter. Ein stor og to litt mindre, seier Gravir Klykken.

Ho trur gutane er klare for julefeiring, for det var vanskeleg å sovne kvelden før. Og no trur ho dei gler seg til dagen og julekvelden.

Jul hos Gravir Klykken

Det er mykje artig å finne i julestrømpene som låg klar på kjøkkenbordet om morgonen.

Foto: Lars Hansen / NRK

Fjøsnissen bur på låven

Julaftan startar om morgonen med gåver i julestrømper, og opning av den siste luka i julekalenderen.

– Og så er det lov å spise godteri når som helst. Det er ingen regler for det på julaftan. Så går det slag i slag med mat. Det er julegrøt med mandel, og ribbe på kvelden. Og så kjem fjøsnissen innom, seier Gravir Klykken.

Innimellom blir det julesongar, og gjerne ein tur i skogen på dagen for å sjå på naturen, og kanskje slepp det til nokre solstrålar også gjennom trea.

– Eg har ikkje førebudd så mykje til jul. For meg handlar jula veldig mykje om musikk, så eg tar fram stearinlys og juletre. Kjøper inn litt god mat og så er det jul, seier Gravir Klykken.

Julestrømpa ligg klar

Alle har ikkje stått opp enno, så førebels sit Lars og Anne åleine på kjøkkenet. Men no skal dei sjå om nokon vil stå opp.

– Eg tenkjer vi startar med Torjus. Han er 13 år. Då må du bli med meg, så skal vi luske oss inn på soverommet, seier Gravir Klykken.

Inne på guterommet vekker dei Torjus som gler seg veldig til julaftan. Han synest det er godt å stå opp tidleg for då blir dagen litt lenger.

På kjøkkenet ligg julestrømpa og ei gåve frå fjøsnissen klare til å bli opna.

– Dette er ein bra start på dagen, seier Torjus.

Feire jul med bestemor og bestefar

På kjøkkenet på garden har gutane hengt opp ønskelister i håp om at fjøsnissen kanskje skal sjå på kva som står der.

Torjus ønsker seg slalåmski, fjellstøvlar, kamera, ny T-skjorte, fiskesnelle og wobbler.

– Wobbler er sånne fiskekrokar som flytt oppå vatnet og rører på seg fram og tilbake, forklarar Torjus.

13 år gamle Torjus kan huske tilbake korleis familien har feira julaftan, og fortel at det har vore på forskjellige måtar.

– Vi har feira jul saman med forskjellige folk. Så for meg er jul å vere saman, få gåver og spise god mat. I år skal vi til Drammen og feire jul med bestemor og bestefar, seier Torjus.

Anne Gravir Klykken er vaksen opp med tradisjonen om at familien tar oppvasken og ser på Dagsrevyen før gåvene kan bli opna. Men det kan bli litt lenge å vente for barna.