NRK Meny
Normal

No startar skole-eventyret for Matteus

PORSGRUNN (NRK): Matteus er autist, og blir vill og nesten ustyrleg av alt det nye. Han strålar, og mamma har si fulle hyre med å roe han ned. Han skjønnar at noko er i ferd med å endre seg i livet. Det er tid for skule.

Gutt går opp trapp, peikar på tall

På Borge skule har dei ei tal-trapp. Det er midt i blinken for Matteus, for han er veldig glad i tal.

– Tre, fire, fem, ni, Han peikar på tala og kan nesten alle.

– Seks, du gløymde seks, seier mamma Helene Toftedahl Kolaas. Ho er med sonen på den fyrst bli kjent-dagen. Rektor viser rundt.

Helene Toftedahl Kolaas, Lars Alvsåker Kolaas , Matteus Toftedahl Kolaas og Rebekka Toftedahl Kolaas

Pappa Lars Avlsåker Kolaas, mamma Helene, Og barna Matteus og Rebekka Toftedahl Kolaas.

Foto: Anne Lognvik

Ikkje særordningar

– Færre spesialplassar, meir integrering er målet i Porsgrunn kommune og i andre kommunar, seier oppvekstsjef Tollef Stensrud.

Han fortel at det no er til saman rundt 40 spesialplassar på ulike skular i kommunen, men det er relativt få i forhold til dei søknadene dei får.

– Men aller helst vil me ha elevar inn i nærskulen saman med dei andre elevane, legg han til.

Den beste modellen meiner Stensrud er å ha spesialavdelingane på vanlege skular slik dei har i Porsgrunn. Det gjer at elevar med skreddarsydd opplegg kan få vera med i vanlege klasser når det passar. Det gjer også at elevane kan vera saman i ulike aktivitetar på skulen.

Matteus og Rebekka Toftedahl Kolaas

Matteus og Rebekka Toftedahl Kolaas.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Integrering, ikkje segregering

HVPU-reforma på 90-talet gjekk ut på å legge ned institusjonar slik at handikappa blei ein del av samfunnet i staden for å bli stua bort og gøymt vekk.

I dag er det ei gjennomgripande haldning i samfunnet. Det skal vera toleranse og tilrettelegging som gjer at barn, unge og vaksne på ulike funksjonsnivå kan fungere saman, vera i hop.

Både Handikappforbundet og Autismeforeininga er skeptiske til det tilbodet mange kommunar gjev til handikappa barn. Det er for mykje ufaglært arbeidskraft og for lite individuell tilpassing. Norsk lov slår fast at alle norske barn har krav på skuleplass som utviklar og stimulerer til læring.

Rektor Kristin Støren på Borge skule i Porsgrunn meiner dei har lukkast.

– Både elevar og foreldre gjev uttrykk for at dei er nøgde, seier rektoren.

Cecilia og Ellen-Marit Asonzse

Cecilia og Ellen-Marit Asonzse. Både mor og dotter likar seg på Borge skule.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Skal føle seg trygg

Spesialavdelinga på Borge skule heiter Lilleborge. Leiaren for avdelinga, Erik Kihle Johnsen, seier at det er veldig viktig å bli godt kjent med elevane før dei startar skulen, slik at dei får eit fullgodt individuelt tilbod.

Autisme kan vera mange ting, og det er ulike grader av syndromet. Autisme blir definert som utviklingsforstyrring som verkar inn på evna til å kommunisere og evna til å fungere sosialt. Symptoma oppstår som regel før barnet er tre år. Dårleg språk er eit typisk trekk.

Fem år gamle Matteus har i dag kanskje 140–150 ord. Det svarar til det ein 2–3 åring har.

– Me brukar tida fram til hausten til å bli kjent med Matteus, for å gje han eit så godt tilpassa opplegg som råd, seier Kihle Johnsen.

– Det blir mange turar til barnehagen der Matteus er no, og også mange besøk på skulen. Det er viktig at han skal kjenne seg trygg hjå oss.

Tilpassa undervisning

Det flyt vakre klassiske tonar ut av eit klasserom nede i fyrste etasje. Ei vakker jente med nydelege krøllar på hovudet bevegar seg sakte rundt etter musikken. Ho er litt borte, litt i si eiga verd.

Mamma Ellen-Marit Asonze sit og ser på dottera, Cecilia, med mjukt og varmt blikk. Når Cecilia har det godt, har mamma det godt.

Cecilia er autist som Matteus og går i fyrste klasse på Lilleborge. Asonze er veldig glad for at dottera fekk spesialplass.

– Her får dei tilpassa undervising, og det er alltid ein-til-ein med lærar og elev. Når det passar i høve til undervisinga, er Cecilia med i den vanlege klassa. Slik får ho både litt av båe delar. Og på skulen her har dei god kompetanse i det dei driv på med.

Musikk når inn i sjela

– Cecilia er veldig glad i musikk, seier musikar og lærar Wenche Nornes.

– Ho høyrer godt, og er veldig flink til å synge. Cecilia synest det er veldig moro å halde på med key-bordet, men ho har ikkje lyst til at eg skal vise henne så det blir mest improvisasjon.

Nornes meiner at musikk er eit språk som når inn til mange, og alle tek det på sin eigen måte.

– Når Cecilia står på scena framfor ein full sal, blir ho ikkje nervøs slik mange blir. Ho går inn i si eiga verd og kosar seg, Det ser ein med ungar med spesielle behov, dei slappar og kosar seg med musikken. Det er viktig for å kunne ta imot andre ting også, meiner musikklæraren.

Cecilia Asonze og Wenche Nornes øver

Cecilia Asonze og Wenche Nornes øver på blues. Det svingar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Slåst for skuleplass

Foreldra til Matteus blei fortvila og lei seg då dei fekk avslag på spesialskuleplass for sin fem år gamle son, Matteus. Då mamma Kolaas kort tid etter såg at 22 politikarar skulle dra til Brussel på ein bli kjent med kvarandre-tur til Brussel etter valet, sprakk det for den slitne mamma

Ho gjekk ut i lokalavisa Porsgrunns Dagblad og sa kva ho meinte. Ho har ikkje noko imot at politikarane hevar kompetansen sin gjennom studieturar, men viss dei brukar argumentet om dårleg økonomi i saker som gjeld barn og unge, og så i neste omgang tek seg råd til flotte turar, då blir det for mykje, sa Kolaas.

Ny-ordførar Robin Kåss i Porsgrunn såg poenget, og på internett avlyste han heile turen.

Foreldra til Matteus klaga formelt til kommunen, og no har altså sonen fått skuleplass på spesialavdelinga Lilleborge, som er ein del av Borge skule. Matteus har ei tre år gamal syster, Rebekka, som også er autist.

Oppvekstsjef Tollef Stensrud i Porsgrunn seier at sjølv om elevar med spesielle behov ikkje får plass på spesialavdelingar, skal dei ha eit individuelt tilpassa skuletilbod. Men foreldra er glade for at Matteus er sikra det dei meiner er det beste skuleopplegget. Skal ein dømme etter entusiasmen som Matteus sjølv synte ved fyrste møte med den nye skulen, må det bli bra.