Hopp til innhold

Helene skal feire bursdag med kongen

SKIEN (NRK): Den 17. januar 1991 overtok Kong Harald trona etter far sin. Same dag blei ei lita jente fødd på Åfoss. På sundag skal dei feire saman.

Helene Havenstrøm Nybråten

SPENTE: Helene Havenstrøm Nybråten og fylkesmann Kari Nordheim-Larsen møttes i dag for å gå gjennom programmet for sundagen.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– Eg trudde det var ein tulletelefon. Det ringte tidleg måndag morgon rett før jol, og stemma i andre enden lurte på om det var eg som var Helene Nybråten, fødd 17. januar 1991. Dei sa at det ikkje var tull, at det ikkje var P4 som ringte. Så spurte dei om eg ville vere med å feire 25-årsjubileumet til kongeparet.

Helene Havenstrøm Nybråten er ein av dei nitten personane fødd den dagen tronskiftet fann stad som får bli med på feiringa på sundag. Ein ungdom frå kvart fylke skal altså feire bursdagen sin saman med Kong Harald og Dronning Sonja.

– Eg ringte tilbake seinare på dagen og beklaga oppførselen min. Eg hadde jo faktisk ledd og berre tulla det vekk. Så takka eg ja, seier ho.

Ho føler seg beæra over å ha fått spørsmål om det spesielle oppdraget.

– Dette er ikkje kvardagskost! Det blir ein veldig annleis bursdag enn eg plar å ha, seier Nybråten.

Helene Havenstrøm Nybråten

BEÆRA: Helene Havenstrøm Nybråten er glad for at ho er valt ut til å bli med på jubileumet.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Les også: Kongen er på plass i Drangedal

Regjeringa si gåve

I dag var det tid for gjennomgang av programmet saman med fylkesmann i Telemark, Kari Norheim-Larsen.

– Alt som skjer på sundag er regjeringa si gåve til kongeparet, seier Nordheim-Larsen.

I anledning jubileumet skal det vera ei rekkje arrangement i Oslo sentrum. Det blir aktivitetar for borna, eit par framsyningar og elles ein folkefest.

Ei av framsyningane er berre for inviterte, og det er her Helene skal få vera med. Den finn stad i Universitetets aula klokka 16.00, og blir sendt på storskjerm for folket på gata utanfor.

– Den mest spennande delen av invitasjonen var ideen om at ein frå kvart fylke som var fødd nett denne dagen skulle få vera med på framsyninga i aulaen. 19 ungdomar som heile sitt liv har hatt kong Harald som sin konge. Ein veldig morosam idé.

Fylkesmennene har invitert dei unge jubilantane til ein betre lunsj på Bristol før festen tek til, for å feire bursdagen deira.

– Vi må ikkje gløyme at dei også har noko å feire. Det må vi jo markere, seier Nordheim-Larsen.