Hopp til innhold

Skal finne radioaktivitet og radon frå lufta

SKIEN/TRONDHEIM (NRK): Noregs geologiske undersøking (NGU) gjennomfører i desse dagar flymålingar over Telemark og Sørlandet.

Flymålingar over Austlandet

I desse dagar kan folk observere eit spesielt fly som flyg lågt over terrenget i Telemark og på Sørlandet.

Foto: Jan Erik Tangen

Målingane skal gje meir kunnskap om berggrunnen, og gje viktige data for utbygging av ny E18 og E39 mellom Kragerø og Mandal. Flyginga vil gå føre seg fram til 15. desember.

Odleiv Olesen, NGU

Odleiv Olesen i NGU, er leiar for gruppa som kartlegg kysten.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Det er ein del av forarbeida, og samstundes vil vi få oversikt over radioaktivitet og radonfare, seier Odleiv Olesen i NGU.

Olesen seier det i første rekkje er i forhold til planlegging av tunnelar på den nye motorvegstrekninga, at det er behov for geofysiske data. Magnetiske og radiometriske målingar frå lufta vil kunne karakterisere berggrunnen og avdekke eventuelle farar for djupforvitring og kollaps.

I tillegg vil eventuell berggrunn som inneheld uran bli kartlagt. Slike bergarter må i enkelte tilfelle behandlast som spesialavfall. På den andre sidan utviklar dei varme og kan under gunstige forhold vere interessante for utvinning av djup geotermisk energi.

Målingane skal også bidra til aktsemdskart for radonfare.

Piper navajo

Det er eit Piper Navajo fly som gjennomfører målingane i Telemark og Sørlandet.

Foto: NGU

Må fly lågt for å kartlegge

– For å få best mogleg resultat, må målingane utførast i låg høgde. NGU har derfor fått løyve frå Luftfartstilsynet til å fly i 60 meters høgde i ubygde og grisgrendte strok, og i 100 meters høgde i tettbygde strøk, seier Magne Vik Bjørkøy, kommunikasjonsrådgivar i NGU.

Det er det canadiske firmaet Novatem som gjennomfører flygingane på vegner av NGU, og det er lett å kjenne att den lange halen på det spesialbygde måleflyet.

– Dei geofysiske målingane må gjennomførast før snøen har lagt seg. Derfor er flyet allereie i gang med dei konkrete målingane på Sørlandet, seier Vik Bjørkøy.

Blir lagt merke til av folk

Flya kryssar fram og tilbake langs øst-vest-gåande profilar med 250 avstand og nord-sør gåande krysslinjer med 2.5 km avstand. Det betyr at flya flyr i ei høgde og i eit mønster, som blir lagt merke til av folk i området.

Magne Vik Bjørkøy

Magne Vik Bjørkøy i NGU seier flya vil bli lagt merke til.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Målingane må gjerast i eit bredt belte på begge sider av den planlagde vegtraséen og strekker seg derfor eit stykke ut i havet og fleire titals kilometer inn i landet, seier Vik Bjørkøy.

Det er det statlege selskapet Nye Veier AS, som gjennomfører bygginga av ny E18 og E39 på Sørlandet, og som finansierer flymålingane frå NGU.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark