Fleire hundre menneske tok eit siste farvel med Terje Mjåland i Borgestad kirke i Skien, ei vakker steinkyrkje frå 1907.
Bilete frå gravferda til Terje Mjåland
Store mengder kransar og blomster omkransa den kvite kista, ein time før seremonien starta klokka 13.
Framfor kista var det plassert ein blomsteroppsats med raude roser, forma som eit hjarte, med S+T, for Silje og Terje, skrive i kvite roser i midten.
Silje var Terje Mjåland sin kjæraste.
Blei drepen på trikken i Oslo
Terje Mjåland blei drepen med ein rambokniv på 17-trikken ved Bislett i Oslo tysdag 3. august, og drapet har ført til sterke reaksjonar i heile Noreg.
I etterkant av knivstikkinga, der også fem andre personar blei skadde, har debatten rast om psykiatrien og behandlinga av asylsøkjarar.
Gjerningsmannen er en 40 år gammal mann av somalisk opphav.
Tears in heaven
Det var døveprest Asgeir Straume som leia gravferda etter ønskje frå familien til avdøde.
Organist og solist i Borgestad kirke er Hildegun Haukenæs.
Gravferda starta med "Tears in heaven" av Eric Clapton som preludium.
Terje Mjåland blei gravlagt frå Borgestad kirke i dag. Foto. Styrk Fjærtoft Trondsen
I minneorda kom døveprest Straume inn på at familien må slite med spørsmålet om kvifor dette måtte skje i lange tider framover.
Men midt i sorga sender også familien til Terje Mjåland sine tankar til det somaliske miljøet.
- De ønskjer ikkje at framandfrykt og rasistiske kjensler skal følgje Terje sitt minne. For Terje har også mange vener i innvandrarmiljøet, sa Straume.
Trivdes i arbeidet med born
Terje Mjåland blei fødd 16. september 1980, og ville ha blitt 24 år i neste månad.
To år gamal fekk han hjernehinnebetennelse. Då livet blei redda, var han døv.
Terje Mjåland tok seinare fagbrev som barne- og ungdomsarbeider.
- Saman med barn trivdes han. Han trivdes på Skådalen skole, både i klasserommet og SFO - der han følte at han fungerte, sa Straume.
Meir enn 400 menneske følte Terje Mjåland til grava i dag